Over 10.000 studentar i bustadkø

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala kjem frå ein oversikt Norsk studentorganisasjon har laga i samarbeid med studentsamskipnadane i Noreg.

Talet på studentar i kø har gått ned med 1.720 studentar samanlikna med same tid i fjor.

– Det er bra at færre studentar er i studentbustadkø. Over 10.000 studentar som ventar på studentbustader i studiestarten er likevel altfor mange. Dei første vekene skal brukast til å bli kjent med medstudentar og faget ditt, ikkje til å stresse med å finne ein stad å bu, seier leiar Håkon Randgaard Mikalsen i Norsk studentorganisasjon i ei pressemelding.

Les også: Fleire tusen studentar i bustadkø: – Håplaust å ikkje vite kor ein skal bu

Behovet er større enn talet på bustader som blir bygde

Studentorganisasjonen viser til at regjeringa over tid har satsa på bygging av studentbustader, og at det er éin av grunnene til at det i år står færre studentar i kø. Dei meiner likevel at behovet er større enn talet på bustader som blir bygde i dag.

– Behovet for fleire studentbustader er framleis veldig stort. Dersom regjeringa og Stortinget fortset å auke talet på studieplassar, må dei også auke byggjetakten dei neste åra. Vi må kunne konsentrere oss om studiane og ikkje om å finne ein stad å bu, sjølv om vi blir fleire studentar, seier Mikalsen.

Les også: Desse tinga må du tenke på før du leiger rom i  kollektiv