Lovbrytarar mellom 15 og 18 år kan ha god nytte av ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, viser ein delrapport frå Nordlandsforsking. Desse straffereaksjonane skal vere eit alternativ til fengsel.

NPK
NPK

– Ungdomsstraff og ungdomsoppfølging er verktøy som i større grad kan «snu» unge lovbrytarar på eit tidleg stadium enn det fengsel gjer. Dette vil spare samfunnet for store økonomiske og menneskelege omkostingar, seier justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp).

Målet er å hjelpe ungdom som har gjort noko kriminelt til eit lovlydig liv gjennom tett oppfølging. Ungdommane skal blant anna vere med på møte der råka partar og representantar frå skule, barnevernet, politiet og kriminalomsorga skal vere til stades. Det vert laga ein ungdomsplan, som skal innehalde ulike tiltak for å førebyggje ny kriminalitet og bidra til ei positiv utvikling for ungdommen. Straffegjennomføringa er lagt til konfliktråda.

Nordlandsforsking sin delrapport viser at mange ungdommar har fått god hjelp så langt, men at det kan gå for lang tid frå lovbrotet til oppfølginga startar. Då er faren større for nye lovbrot. Dette er noko departementet vil ta tak i.

– Undervegsrapporten gir oss god kunnskap om den faktiske gjennomføringsprosessen. Dette vil vi bruke til å setje i verk tiltak og justeringar slik at vi kan hjelpe flest mogleg unge lovbrytarar på rett veg, seier Amundsen.

105 ungdommar har fått ungdomsstraff og 648 ungdomsoppfølging mellom oppstart i juli 2014 og utgangen av 2016. Sluttrapporten frå Nordlandsforsking skal liggje føre i 2018.

LES OGSÅ: Vidaregåande gir mindre kriminalitet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE