Musikalsk pause i fengselet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Studvest.

Porten i den massive muren opnar seg, og avslører endå ein port. Telefonen må leggast i eit låst skap, og ID blir bytta ut i besøkspass. Kvar dør vert opna og låst ommhyggeleg.

Inne på avdelinga sit eit band og spelar yatzy i lag med ein av dei innsette. Det er bergensbandet Tom Stockman som har fått moglegheit til å ha konsert for alle i fengselet.

– Det er koseleg at dei kjem og spelar for oss som sit inne. Ein får eit lite opphald i soninga, før ein må tilbake, fortel ein innsett som helst ikkje vil ha namnet sitt på trykk.

Etter yatzyslaget er ferdig, spør den eine politimannen spøkande om dei lot den innsette vinne. Det er god stemning i "loungen", som blir brukt som eit aktivitetsrom for dei innsatte. Før det blei laga fortel den innsette at dei for det meste sat på cella si kvar for seg. No får dei sjansen til å bruke ein time eller to i dette rommet. Her kan dei spele bordtennis, fotballspel, brettspel, eller lese bøker. Nokre av dei får også bruke dagane på å studere.

– Det har ein positiv innverknad på dei at dei får bruke tid i "loungen", seier Ellen Marie, verksbetent i Bergen Fengsel.

konsert; fengsel; bergen fengsel; tom stockman; musikk;

"One in a million". Jon Million har nyleg blitt sett inn, og har søkt om å vere med i fengselet sitt eige band. Foto: Toril Sunde Apelthun/Studvest

Har eige fengselsband
Fleire av dei innsette kjem inn ein etter ein. Dei forsyner seg med kake og kaffi og slår seg ned rundt borda. Ellen Marie introduserer bandet. Ein ivrig publikummar på det fremste bordet klappar ivrig bandet inn. Første songen byrjar roleg, men det byggjer seg fort opp.

– Det er lov til å nikke litt på hovudet viss du er einig … eller ueinig, seier ein av dei to vokalistane, Robert Mowatt, i mikrofonen.

Når det kjem til applausen, set alle ned kaffikoppen for å applaudere og hoie. Bandet sparer ikkje på volumet og intensiteten.

– Ikkje for å oppildne til opprør, men denne songen er berre sånn, seier Mowatt og ser lurt bort på hjørnet der det sit ein gjeng med politifolk.

Det er hardtslåande gitar med heftige riff og litt soloar, både heavy og funky bass, stødig tromming, og rå vokal på bergensk.  

– Å spele her er eit avbrekk for oss, og for dei, fortel vokalisten Robert Mowatt etter konserten.

Ein av dei innsette, som kallar seg «Jon Million», kjem bort til bandet for å spørje om han kan låne ein av gitarene. Gitaristen i bandet viser han, og han får sitte å klimpre litt. «Jon Million» har søkt om å få spele i fengselsbandet, og seier det er lov å ha kassegitar med seg på cella. Han er musikkinteressert, og derfor veldig glad for å få gå på konsert i dag.

– Det er noko heilt anna enn kvardagen. Her er det den same prosedyren kvar dag, heile året, seier han.

LES OGSÅ: Vil ta over musikkbransjen med ny app.

konsert; fengsel; bergen fengsel; tom stockman; musikk;

Vokalist Robert Mowatt har ikkje mangel på innlevelse og evne til å underhalde publikum. Foto: Toril Sunde Apelthun/Studvest

Må ha reint rulleblad
Å spele i Bergen fengsel fortel vokalist Mowatt at var eit iniatitiv frå fengselet. Fleire band var òg kontakta, men kunne ikkje spele fordi ein må ha heilt reint rulleblad for å komme innfor murane.

– Fleire frå Loddefjord har jo dommar, så då går det ikkje. Vi frå Landås kjem inn; du kan kalle oss smarte kriminelle. Vi skulle nok hatt dommar nokon av oss, men vi blei ikkje tatt, fortel ein freidig og spøkefull Mowatt.

Å spele i fengsel er noko han kunne gjort igjen. Det gir han ein annan energi.

– Det er gøy å kødde med komfortsona, seier Mowatt.

Han fortel at ein av dei raraste konsertopplevingane var ein gong dei spelte for medisinstudentane på Hulen.

– Då greidde vi å avsløre nokon som hadde likdelar i veska, seier han.

Sjølv er Mowatt akkurat ferdig å studere, og er pedagog. I bandet er det ingen som driv med studier akkurat no, men det var to som studerte på Høgskulen i Bergen, ein på Høgskulen i Sogndal, ein på Universitetet i Bergen, og ein på Sjøkrigsskulen i forsvaret.

– Vi er ikkje eit studentband, men eit studentvenleg band, seier Mowatt.

LES OGSÅ:  Norske artistar kan tape millionar på mindre radiospeling

konsert; fengsel; bergen fengsel; tom stockman; musikk;

Rykker i dansefoten. Mykje av musikken Tom Stockman spelte for dei innsette, var med svært høg intensitet. Foto: Toril Sunde Apelthun/Studvest

Studerer ti timar i døgnet
Nokre av dei innsette studerer i fengselet. Ein av desse er Erik, som går rundt i "loungen" for å trekke kaffi og rydde opp. I sine to år inne bak muren har han fått delta på berre seks konsertar. For han er studiane ein viktig del av kvardagen.

– Her går vi på skule åtte til ti timar kvar dag. Eg får gjort to og eit halvt år på berre eit halvt år, seier han.

Erik visste allereie om moglegheita til å gå på skule via vener som og har site inne før. Og fortel at når han fekk den dommen han fekk, kontakta han skulen når han kom inn. No går han tømrarfaget som privatist.

– Eg har berre åtte månader igjen av soningstida. Etter det blir eg lærling, seier han nøgd.

For Erik, Jon Million og dei andre er konsertane noko av det mest spennande som skjer. Derfor tek dei motvillig farvel med Tom Stockman når musikarane pakkar saman sakene sine og takkar for seg.

LES OGSÅ: Vidaregåande gir mindre kriminalitet.