– Mange trur kanskje at innsette skal bli straffa under soninga, men dette er feil, seier fengselsbetjent Didrik Gulbrandsen.
Didrik Gulbrandsen (27) jobbar som fengselsbetjent i Ålesund fengsel i heimbyen sin.
Første gong han sette beina innanfor fengselsmurane var som ufaglært vikar for om lag seks år sidan. Deretter fullførte han den toårige utdanninga på Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) i Lillestrøm.
– Eg har bakgrunn frå Forsvaret, og ønskte vidare ei utdanning innanfor brann, politi, toll eller fengsel. I og med at fengselet kan sjåast som eit «lukka samfunn», noko den vanlege borgar ikkje veit så mykje om, såg eg det som svært interessant, skriv han til Framtida.no på e-post.
– Ein kontorjobb er ikkje noko som appellerer til meg, fortel Gulbrandsen.
Vidt spekter av menneske
Gulbrandsen såg for seg at jobben som fengselsbetjent ville vere hektisk med eit høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver. Han set pris på den operative delen av yrket, der det gjeld å handtere uføresette situasjonar og løyse oppgåver under stress.
– Eg ønskte meg eit yrke med skift og turnusarbeid, for at eg ikkje skulle hamne i det «farlege» A4-livet, skriv Gulbrandsen.
– Kva er det mest utrulege som har skjedd deg på jobb?
– Det ønsker eg eigentleg ikkje å uttale meg for mykje om, hehe. Men som fengselsbetjent blir du kjent med eit vidt spekter av ulike menneske i ulike livssituasjonar – nokre med stort behov for hjelp. Det er sjølvsagt solskinnsdagar også, og det er vel kanskje det som driv oss i arbeidet, skriv han.
Variert arbeidsdag
Gudbrandsen har jobba i tre ulike fengsel på Austlandet før han enda opp på den noverande arbeidsplassen sin. Han fortel at arbeidsdagen varierer frå fengsel til fengsel, men i Ålesund kan ein typisk dag sjå slik ut:
– Vi startar dagen tidleg med å låse ut dei innsette. Vi sørger for at alle er friske og raske, og noterer oss individuelle behov for dagen. Dei får no tid til å lage seg frukost i fellesskapet og ta seg ein tur i luftegarden.
– Vidare følger vi innsette til ulike aktivitetstilbod rundt omkring på huset. Hos oss består desse tilboda av til dømes arbeid på verkstad, skule, butrening, restaurant- og matfag, vaskeri og diverse andre rehabiliterande sysselsettingstilbod. Det er også fleire innsette som har besøk og samtalar med psykologar, advokatar, Nav, lege og sjukepleiarar på dagtid.
– På ettermiddagen er innsette tilbake på avdelinga. No er det tid for middag, noko fleire innsette samarbeidar om. Treningsrommet er også ope, og det er stort fokus på trening og kosthald blant dei innsette. På ettermiddagen er det gode høve for oss fengselsbetjentar til å bygge relasjonar med innsette gjennom uformelle samtalar og aktivitetar. Innsette har ofte besøk av familie og vener på besøksrommet, eller kan ha videobesøk dersom fysisk oppmøte er vanskeleg. Vi samarbeider også med eksterne samarbeidspartnarar som gjennomfører til dømes bingo, kunstneriske innslag og sjakkturneringar i fengselet.
– På kvelden vert innsette låste inn på eigne celler, og vi førebur oss til ein ny dag.
– Skal ikkje straffe
Gulbrandsen meiner yrket passar for dei som ønsker å jobbe med menneske, men han minner om at det er ei rekke med krav til yrket, mellom anna plettfri vandel og førarkort. Ein må bestå ein fysisk funksjonstest og ha personlege eigenskapar som gjer ein kvalifisert til å jobbe i kriminalomsorga.
Gulbrandsen synest det beste med jobben er at arbeidet vert verdsett av samfunnet.
Det mest utfordrande er å finne balansegangen mellom å sette grenser og vise omsorg.
– Mange trur kanskje at innsette skal bli straffa under soninga, men dette er feil. Med unntak av fridomsrøvinga har innsette dei same rettane som andre norske borgarar. Fengselsstraffa skal ikkje medføre tap av andre grunnleggande menneskerettar, slår han fast.
Naudsynte ferdigheiter
Gulbrandsen tok som nemnd utdanning ved Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS). Det er den einaste institusjonen som utdannar fengselsbetjentar. Utdanninga er løna og gir 120 studiepoeng, før ein gjennomfører eit pliktår. Ein viktig del av utdanninga er sjølvforsvar og pasifisering, i tillegg til juss, ifølge KRUS.
Gulbrandsen skriv at utdanninga absolutt førebudde han på yrket.
– Utdanninga gav meg dei naudsynte ferdigheitene for å vere ein profesjonell og truverdig fengselsbetjent. Studiet gir deg oppdatert fagleg kunnskap, skriv han.
– Kva draumar har du for framtida?
– Haha, eg drøymer om sommar. Neida, kanskje ei leiarstilling på sikt? skriv han.