Korleis er det i fengsel? Her er nokre svar

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når det gjeld barn så er det ikkje uvanleg å tru at ein som sit i fengsel har stripete drakt og kule rundt beinet, seier Hanne Hamsund, leiar i støtteforeininga For Fangers Pårørende.

Mellom 6000 og 8000 barn og unge har ein forelder i fengsel. Støtteforeininga har difor oppretta ein chattefunksjon som skal gjere det lett å ta kontakt om ein lurer på noko.

– Mange barn lurer på om foreldra får det dei treng, mat, ein stad å sove. Det kan vere veldig betryggande å få informasjon om, for foreldra blir jo trass alt tekne godt vare på i fengsla, seier ho.

For ungdom så er det andre spørsmål som kan dukke opp. Dei store spørsmåla, som: «Kvifor gjorde han/ho det?», «Tenkte ikkje han/ho på at det kunne gå ut over oss òg?» og «Kunne eg gjort noko annleis?» er ikkje så lett å svara på.

Les også: – Eg sa høgt og tydeleg at pappa sat i fengsel

Her får du svar på nokre av dei vanlegaste praktiske spørsmåla:

Korleis fungerer det med besøk?

Den som sit inne, skriv ei liste over kven dei vil kunne få besøk av. Så må fengselet godkjenne dei som står på lista. Deretter kan du søke om besøksløyve.

Når du har fått besøksløyve, kan du bestille besøkstid hos fengselet. Anten på telefon eller nokre stader og på mail. Nokre fengsel har faste tider for besøk.

I ein del fengsel må ein gjere besøket på eit eige besøksrom som er berekna for besøk. I andre fengsel kan ein gå ut i ein bakgard. På til dømes Bastøy, har dei små besøksleilegheiter og uteareal ein kan nytte.

Kan ein ringe kvarandre?

I nokre fengsel kan ein ringe til den som sit inne, men som regel er den som sit inne som må ringe til deg. Ofte er det faste tider, og ein kan ringe i 20 minutt kvar veke. Nokre gonger er det litt meir. Det er ikkje lov å bruke mobiltelefon i fengsel.

Når kan den som sit inne få permisjon?

Den som sit inne må ha sona i minst fire månader, og minst ein tredjedel av dommen. Den som sit inne må søke fengselet om dette.

Før det har gått så lang tid, kan ein òg i unntakstilfelle søke om velferdspermisjon. Det kan til dømes vere på grunn av hendingar i nær familie som bryllaup, gravferd eller konfirmasjon. Her skal òg hensyn til barn vektleggast.

Korleis er det i fengsel?

Det kjem an på om det er eit fengsel med lågt eller høgt sikkerheitsnivå.

Det er ofte murar eller høge gjerde rundt fengsel med høgt sikkerheitsnivå. Fengsel med lågt sikkerheitsnivå har ikkje det. I nokre fengsel er det inngjerda luftegarder, og andre stader får innsette rørt seg på litt større område rundt fengselet.

Som hovudregel har kvar innsett sin eiga celle. Inne på cella er det møblert med seng, skrivebord, hyller og klesskap. Det er som regel lov til å ha TV på cella. I nokre fengsel er det bad og toalett på alle celler, andre stadar er dette felles.

Informasjon frå Hanne Hamsund og frå nettsida til For Fangers Pårørende.

Mykje info finn du og på Kriminalomsorgen.no

Les også: Ungdomsstraff hjelper lovbrytarar på rett veg

For Fangers Pårørende (FFP)

  • Eit tilbod til både barn, ungdom og vaksne der ein kan få støtte og råd på telefon, epost,
    chat og gjennom samtalar.
  • FFP tilbyr òg ulike aktivitetar og ferieturar og har informasjonsmateriell laga til barn og unge. Alle tilboda er gratis.