Innsette i norske fengsel har same rett til helsehjelp som befolkninga utanfor murane. I staden blir dei ofte plasserte på glattcelle, skriv Bergens Tidende.

Avisa har gått gjennom alle vedtak om bruk av glattcelle og belteseng i fem fengsel i Noreg i 2016 og 2017: Bergen, Stavanger, Oslo, Ringerike og Skien. Tala viser at 39 prosent av dei 436 vedtaka er knytt til sjølvskading, sjølvmordsforsøk eller dårleg psykisk helse.

I tre av fengsla, Stavanger, Ringerike og Skien, er minst halvparten av grunngjevingane knytt til dette.

– I mange tilfelle har vi ikkje andre middel for å hindre at folk tar livet sitt enn å låse dei inne eller legge dei i belte, seier Tanja Rosså Ødegård, fengselsleiar i Stavanger fengsel.

Større risiko for sjølvmord i glattcelle

Glattcellene er nedstrippa, og det er færre moglegheiter for at dei innsette kan skade seg sjølve der. Samtidig viser årsrapporten frå Sivilombodsmannen frå 2017 at det kan auke risikoen for at ein person tar sitt eige liv, om den innsette blir låst inne på ei glattcelle.

– Når innsette er veldig dårlege psykisk, burde dei ha vore ein heilt annan stad enn i ei sikkerheitscelle (glattcelle, red.anm.) i eit fengsel. Men vi ser at det er ingen som vil ta hand om desse personane, seier fengselsleiar Håkon Melvold i Ringerike fengsel.

Kommentarar

ANNONSE