Ho er blant dei første med minihus i Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Soverommet har vindauge på alle vegger slik at rommet blir lyst opp om morgonen. Foto: Camilla Skjær Brugrand. Denne saka var først publisert på Porten.no.

Lærdal: USA-fenomenet «Tiny-House» er ei sosial rørsle som handlar om å nedskalere husstanden betrakteleg. Trenden har med småe steg bevega seg over til Europa, men endå er det få småhus som har poppa opp på dette kontinentet. 

– Dette her blir ikkje noko A4 hus. Det blir eit heilt spesielt hus, vertfall med dei forandringane som me har gjort, seier Stokke. 

Konseptet går ut på å minimalisere, vera miljøvennleg og fungere som eit billig husalternativ for dei med eit stramt budsjett. 

LES OGSÅ: Den alpine draumen

– Eg er alt anna enn minimalistisk, men likar ideen fordi det handlar om at ein ikkje treng så altfor mykje plass her i verda for å eksistera. Det vesle ved Tiny House fascinerte meg, det å kunne snu seg rundt og ha tilgang på alt, fortel 47-åringen. 

Den originale tomta på Lærdalsøyri vart delt i to, sidan det ikkje var behov for større plass til den 45 kvadratmeter store Tiny House-heimen til Stokke. 

Flyttar inn med førarhund
Etter å ha budd fleire år i eit mykje større hus lengre oppe i bygda, måtte Stokke det ta eit tøft val mellom å flytte tilbake til Oslo, eller bygge seg eit nytt hus meir sentralt i kommunen. 

– Det var meir problematisk å bu på Ljøsne. Daglegdagse gjeremål som å gå på butikken eller ta bussen er vanskeleg for ein person med synshemming når det er snakk om lange avstandar, fortel Stokke. 

Sammen med sine to døtrer bestemte Inger seg for å bli verande i den vetle kommunen som ho stolt kallar for «heimbygda» si. 

– Eg er heilt avhengig av personleg assistent til mine daglege gjeremål. Som til dømes å betale rekningar og sminke meg.

No er det vesle huset på Lærdalsøyri snart ferdig og Stokke håpar på å få flytta inn i løpet av mai månad. 

– Eg vart hoppande glad når eg var borte på byggjeplassen i går og fekk oppleve kor flott huset er allerie. Når eg flyttar inn kan eg sjølv reise på butikken og gå til bussen saman med førarhunden min utan å vere avhengig av at andre køyrer meg, seier ho oppglødd.

Saka held fram under biletet.

Soverommet har vindauge på alle vegger slik at rommet blir lyst opp om morgonen. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Huset fortel ein historie
Det er framleis ein del arbeid igjen på huset og snikkarane er i full gong med isoleringa då me bevegar oss inn i knøttehuset. 

Inger peikar med ein målestokk på dei to hemsane som skal fungere som soverom for overnattingsgjester, spesielt for dei to døtrene hennar. 

– Her skal eg ha eit gelender i glas og ei hengekøye som eg kan henga opp når eg vil. I taket skal det henga ei fin, lita lysekrone, seier ho bestemt. 

Kvar krok har sin heilt spesielle funksjonalitet. Huset er designa etter teikningar frå det amerikanske selskapet Tumbleweed Tiny House Company og er bygd av det lokale byggefirmaet Fretland Bygg. 

– Fretland Bygg har skapt drømmehuset. Me forstår kvarandre og har spelt ball for å få dette til. Dei viser omsyn og skapar løysingar som er perfekte for ein person som ikkje kan sjå. Nokre justeringar frå dei originale teikningane har blitt gjort for at huset skal passe akkurat meg som person, seier Stokke. 

Ho forklarar at byggefirmaet har bygd ein del småhus i nabokommunen Aurland også. 

Berre fordi det er eit minihus, betyr likevel ikkje det at Stokke har ein minimalistisk stil. 

– Eg er veldig glad i gamle ting som har ein historie. Skuffene eg har valt ut er høge og djupe med preg av Alice in Wonderland. Ideologien handlar om nedskalering fordi me trenge ikkje så mykje. Me har så mange rom som vi berre dyttar inn og inn og inn. Det ønskjer ikkje eg, forklarar ho. 

Smarte løysingar
I 2015 mottok Tumbleweed Tiny House 36.693 e-postar og telefonar av folk som var nyfikne på ideen om småhus. Over 2.500 amerikanarar har delteke på selskapet sitt seminar som handla om å drøyma stort og leva på ei lita overflate. 

– Tiny House-rørsla er like andre forandringar i samfunnet vårt som har skjedd dei siste 30 åra. Dei adresserar minkande resursar, gjenbruk, bruk av vatn og alternative straumløysingar som solenergi. Me trur at rimelege hus er det neste største problemet og at Tiny House kan vere med på å løyse relaterte problem, forklarar Ryan Potter frå Tumbleweed Tiny House i ein e-post. 

LES OGSÅ: Førarjente

Han forklarar at det er tre målgrupper som er interesserte i dei smarte husløysingane. Den fyrste er unge menneske som ønskjer ein rimeleg stad å bu, fordi dei har store studielån, ikkje fast jobb og ønskjer å skåna miljøet. Personar mellom 30 og 60 år ønskjer rett og slett å nedskalere og ser på småhus som ein fin måte å spare pengar på samstundes. 

– Pensjonistar er den siste gruppa. Dei ønskjer å bruka pengane på å reisa meir enn å betala ned på eit gigantisk huslån. I tillegg vil dei ha eit mindre område å halda ved like, forklarar Potter. 

Tumbleweed Tiny House har ingen oversikt over kor mange småhus det er bygd etter at trenden starta i USA, men Potter fortel at dei veit om eit par som har bygd Tiny House på det europeiske kontinentet. 

– Om det hadde vore lovleg å budd i eit Tiny House på din eigen eigedom overalt i USA,  eller å leiga plass på nokre andre sin eigedom, ville nok sal av Tiny House ha eksplodert her, samstundes som det løyser problemet med rimelege hus, seier Potter. 

Eit større dokkehus
Småhus er ikkje eit nytt konsept i Noreg. Det har blitt laga små hytter og småe trekanta hus langs fjordane så lenge det har blitt bygd hus. Stokke understrekar likevel det vesle huset hennar er ein heim, og ikkje kan samanliknast med det som har blitt bygd tidlegare. 

– Lærdal er heimen vår. Det er her borna kan kome å henta seg inn igjen. Dette huset betyr utruleg mykje for oss alle tre. Det er her eg kjem til å bli verande resten av livet. Eit forstørra dokkehus kan ein vell kalla det, seier Stokke. 

LES OGSÅ: Bli med inn i eit levande laboratorium

Tiny House-konseptet gjer livet til Stokke uendeleg mykje lettare. I det nye huset kan ho med korte avstandar, enkelt bevega seg rundt for å få tak i det ho treng. 

– Eg veit kor soverommet er, kor skoa står og at der skal kleda mine vere. Ein går ut i gangen og vidare inn til stova som er kombinert med kjøkkenet. Ovnen er plassert på den eine sida, så bevegar eg meg inn til «øya» mi og bort til kjøkkenet, der eg skal kokkelera, forklarar Stokke medan ho syner kvar alt skal vere. 

I det nye huset kjem Stokke til å ha full kontroll, og det er nettopp det som er det viktigaste for ein person med synshemming og hovudgrunnen til at ho valte nettopp dette huset.

– Nåde den som legger ting på feil plass! Utbryt ho. 

– Som å vakna i himmelen
Dersom folk er interesserte i å oppleve korleis eit Tiny House fungera, opnar gjerne Stokke dørene for dei som vil sjå korleis det er å leve i eit småhus. 

– På soverommet har eg vindauge på alle veggane. Det blir som å vakna i himmelen når sola skin inn om morgonen, forklarar Stokke. 

Sjølv om ho er synshemma, har Stokke framleis lyssans. 

– Eg leve så utruleg mykje, sjølv om eg ikkje har synet lengre. Det er ikkje slik at alt er svart, eg kan berre ikkje sjå lengre. Tingen med meg er at eg alltid landar på beina. Eg berre hoppar i det. Det er dette eg har lyst til. Om eg skulle kalkulert alt eg tek meg til, så hadde jo alt gått rett vest, seier ho. 

Eit stykke Storbritannia
Stokke pendlar mellom Lærdal, Oslo og London for å halde føredrag. Då ho nyleg var i den britiske hovudstaden, fann ho fleire gjenstandar til det nye huset. 

– For nokre år sidan fann eg ein fantastisk dorullhaldar på ein antikvar i London. Det er eit av dei elementa eg bruker for å innreda resten av huset. Så har eg valt ut fliser som er dei originale flisene som stammar frå dei viktorianske, store kjøkkena. Eg er anglofil og blandar gjerne mykje britisk historie i tinga eg omgir meg med, forklarar ho. 

Alt har ein link til Storbritannia. Mykje av gjenstandane og møblane er svært gamle. Til dømes er den eine stolen frå 1930, og ifølge Stokke, svært god å sitte i. 

– I mai skal eg flytte inn. Her har eg alt eg treng på mine 45 kvadratmeter. Det eg ikkje har plass til nede, flytta eg opp på hemsen. Lykken er så stor at det nesten renner over. Dette blir heilt toppers, avsluttar Stokke. 

LES OGSÅ: Høyrselshemma Andreas (30) har IKT-utdanning, men måtte ta vaskejobbar