Kjøper inn fôr frå Island

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 15.09.2018 00:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førebels har dei tre bondesamvirka inngått avtale med islandske produsentar om å importere rundt 30.000 rundballar.

– Island har svært god helsestatus i landbruket, og det har vore avgjerande for denne avtalen at vi ikkje bidrar til uønskt import frå land med høg risiko for innførsel av plante- eller dyresjukdommar, seier landbruksdirektør Trond Fidje i Felleskjøpet Agri i ei pressemelding.

Les også: Tørken gjev dårlegare avlingar enn på 50 år

NTB skreiv i juli at islandske bønder både i år og dei siste to-tre åra har hatt gode fôravlingar. Ifølgje vurderingar frå Mattilsynet er det også liten risiko for smitte frå fôr frå mange soner på Island.

Dei 30.000 rundballane som blir importerte frå Island, vil likevel ikkje dekke det totale behovet norske bønder har for grovfôr. Anslag tyder på at om lag halvparten av fôravlingane er tapt i år. På nettsida Fôrformidling har norske bønder for augneblinken etterlyst 168.000 rundballar til 47.000 dyr.

Les innlegget: Rekordvarme med ein bismak

– Det er framleis halmberging, omfordeling av grovfôr og auka kraftfôrtildeling som er hovudtiltaka, men avtalen vil vere eit godt bidrag i tillegg for dei som er hardast ramma, seier Fidje i Felleskjøpet.

(©NPK)