God tysdag!

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei som uttaler torsdag som tossdag, vil kanskje tru at forma tysdag eller tisdag kjem av det same fenomenet, nemleg at rs blir assimilert, dvs. gjort likare, og uttalt som s(s). Det kan for så vidt vere tilfelle i nokre dialekter, men det må ikkje nødvendigvis vere slik.

Tysdag har namnet sitt etter guden Ty, som i vekedagssamanheng svarer til guden Mars i den romerske mytologien. I gammalnorsk la ein til ein r for å markere subjektsforma, og i nominativ hadde ein då forma Týr. I genitiv forsvann denne r-en, og ein la til ein s. Derfor blei namnet på vekedagen týsdagr på gammalnorsk, som i praksis er det same som den nynorske forma i dag. Det er også denne forma utan r som ligg til grunn for den engelske forma Tuesday.

Allereie i gammalnorsk tid levde gudenamnet Týr med r sitt eige liv, og ein kunne då også få forma týrs med r og s i genitiv. Nokre av bøyingsformene var i tillegg med i, og den lange ý-en blei i nokre dialekter etter kvart også uttalt som ein i, jf. moderne islandsk, og då er forma tirsdag «fødd». På moderne islandsk heiter denne vekedagen derimot þriðjudagur, dvs. tredjedag.

Det er ikkje så mange som har noko forhold til guden Ty i dag. Språkhistorisk ser det ut til at namnet har utvikla seg frå den same rota som blei til Zevz i gresk og deus i latin. Mest sannsynleg var det i tidlegare tider eit generelt ord for ein gud eller den øvste guden. Fleirtalsforma av namnet, tívar, kunne i gammalnorsk framleis bli brukt generelt om gudfenomen, jf. æser, og namnet blei også av og til brukt om Odin, som jo var den øvste guden i norrøn mytologi.

I gammalnedertysk sa ein ziestag eller ziosdag, som svarte til týsdagr i gammalnorsk. Men sidan guden Tý(r) blant anna var den øvste beskyttaren av tinget, det gamle rettssystemet, fekk ein også namnet dingesdach, altså tingdag, i mellomnedertysk. Dette namnet fortrengde forma ziesdag, og derfor har høgtysk Dienstag med n, som dermed klart skil seg frå norsk og engelsk.

Dienstag liknar litt på tysdag og tirsdag, men det er altså tilfeldig. Gammalnorsk t i framlyd svarer gjerne til z i høgtysk (Tý vs. Ziu), mens gammalnorsk þ i framlyd svarer til d i tysk (þing vs. Ding). Regelmessige lydendringar i dei germanske og indoeuropeiske språka kan dermed hjelpe oss å sjå likskapar og ulikskapar mellom språka. God tysdag!

Les også: Torsdag eller tårsdag?