Torsdag eller tårsdag?

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når det gjeld språk, kan ein ikkje alltid snakke om riktig og feil, dersom ein ser bort frå offisielle normeringar, der nokon har bestemt kva som skal vere riktig eller feil.

Dei fleste avvika i uttale eller bøying som finst hos individuelle språkbrukarar, følgjer som regel eit mønster som gjer at ein i det minste kan forstå og forklare avvika. Begge skriftspråka våre, nynorsk og bokmål, har til dømes fortidsbøyinga skar og bar av verba skjere/skjære og bere/bære, noko vi kallar for sterk bøying. Men dei aller fleste bruker nok orda «feil» når dei pratar, og seier skjærte og bærte. Forklaringa er at desse orda liknar på andre verb, som t.d. lære, som er eit såkalla svakt verb, og som har ei mykje enklare bøying.

Ein kamerat frå Nord-Noreg kom frustrert til meg etter at familien hadde flytta til Oslo og den nye læraren meir eller mindre mobba sonen for å uttale torsdag med o. Alle måtte jo skjønne at det riktige var tårsdag med å.

Det enklaste er då å seie at vi ikkje har normert uttale. Både torsdag og tårsdag er riktig uttale ut frå dialektbakgrunnen ein måtte ha. Og det er sjølvsagt like riktig å uttale kombinasjonen rs som to separate lydar, der r-en kan vere rulle-r eller skarre-r, eller som éin lyd, som er ei samandraging eller palatalisering til ein sj-lyd, som vi ikkje har ein eigen bokstav for i det norske alfabetet. Språkhistorisk sett er uttalen av kombinasjonen rs som ein sj-lyd sjølvsagt like «ille» og «ukorrekt» som dagens sjino-/sjøttkake-fenomen – der ein kan føye til at også kj-lyden, som kanskje held på å forsvinne, var eit nytt fenomen etter gammalnorsk tid.

Det er altså ikkje så fruktbart å snakke om riktig eller feil uttale av torsdag. Det som derimot kan vere spennande å vite, er korfor nokon av oss uttaler torsdag med o, mens andre har ein å-lyd.

Det gammalnorske ordet på vekedagen var þórsdagr, der vi ser enda ein lyd som hamna på den historiske skraphaugen. Opphavleg tydde det sjølvsagt guden Tor (Þórr) sin dag. I gammalnorsk var uttalen om lag slik som i engelsk Thor i dag. Den lange ó-en (med å-uttale) utvikla seg derimot stort sett vidare til ein o-lyd i moderne norsk i samband med lydforskyvinga. Derfor uttaler dei fleste av oss også namnet Tor med ein o-lyd og ikkje med ein å-lyd.

Grunnen til at å-lyden kan ha halde seg i torsdag i nokre dialekter er mest sannsynleg at ein tidleg slutta å tenkje på kva eller kven dei enkelte vekedagane eigentleg refererte til. Kven tenkjer vel på gudane Odin, Ty, Tor, Frøya eller Frigg i samband med tysdag, onsdag, torsdag eller fredag? Vekedagane hadde éin funksjon i språket, mens personnamna hadde ein annan.

LES OGSÅ: Kva tyder namnet ditt?