Fleire barn og unge har ringt alarmtelefonen i sommar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ser ein markert auke i talet på meldingar frå i fjor sommar til i år. Me får flest meldingar om psykiske helseproblem som angst, sjølvmordstankar og sjølvskading, seier leiar Margrethe Østerhus av Alarmtelefonen til NRK.

Mellom 23. juni og 31. juli fekk dei 443 meldingar. I fjor var talet i same periode 362. Det er ein auke på 22 prosent.

Les òg: Fem bøker om mental helse

Rutinane fell bort

Østerhus er ikkje overraska over at psykisk helse toppar statistikken. Ho seier det samsvarer med andre statistikkar i barnevernstenesta og skulehelsetenesta. Andre tema som blir tatt opp er familievald, konfliktar mellom barn og foreldre, foreldres rusmisbruk, åtferdsproblem og omsorgssvikt.

Fagansvarleg Kristin Oudmayer for oppvekst og inkludering i UNICEF Norge seier mange som slit til vanleg opplever eit auka trykk om sommaren når rutinane fell bort. Ho meiner ein må sjå meir på korleis ein skal lære unge korleis dei kan handtere utfordringane dei står i.

– Me har ikkje nok kunnskap om korleis me kan førebyggje psykiske helseproblem. Me må gjere tydeleg kva for verktøy familie, barnehage, skule og den unge sjølv kan bruke, seier Oudmayer.

Les òg: Vil stanse Netflix si nysatsing: «Vil skape eteforstyrringar»