Isbreane smeltar i sommarheten
Sidan i fjor har isfonna Juvfonne i Jotunheimen minka med rundt 20 meter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måler på same tid kvart år
– Vi kan sjå at Juvfonne har minka med omtrent 20 meter frå i fjor. Akkurat her var det opphavleg meir snø enn normalt, så det var gunstige forhold for å halde på litt av snøen, men det har breen ikkje gjort, og vi er berre halvvegs i sesongen, seier isbreforskar Liss Marie Andreassen.
NVE gjer målingane på same tid kvart år for at det skal vere enkelt å samanlikne.
– På dei tre neste breane som eg skal måle i Jotunheimen, var det mindre snø enn normalt. Der må vi rekne med at det har vore ei enda større smelting, seier Andreassen.
Det endelege resultatet kjem når alle målingane er ferdige i september.
Les også: Full retrett for norske isbrear?