Full retrett for norske isbrear?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Isbrear har vore ein særeigen del av det norske landskapet i fleire tusen år, skildra av kunstnarar og omtykte av turistar og fastbuande. Men kva vil skje med breane våre om klimaet blir varmare?

– Dei fleste norske breane kan koma til å smelta heilt bort i laupet av dette hundreåret, dersom global oppvarming held fram som i dag.

Breforskar Henning Åkesson frå Universitet i Bergen har forska på korleis klimaendringane påverkar breane. Foto: privat

Det er breforskar Henning Åkesson frå Universitet i Bergen som slår dette fast i si doktoravhandling.

– Isbrear som krympar er eit av dei tydelegaste teikna på klimaendringane, for dei er vare for små temperaturendringar, seier Åkesson til Framtida.no.

– CO2 er ein usynleg gass, så sjølv om me kan måla at atmosfæren inneheld meir CO2 no enn før, greier me ikkje å sjå det. Isbrear er derimot synlege bevis på at det skjer noko. Ein høyrer mykje om korleis klimaet har endra seg andre stader, til dømes på Svalbard og elles i Arktis, men breane på fastlandet ligg berre ein liten togtur unna byane, og dei vitnar òg om ei sterk endring.

Gode og lange observasjonar

Få brear i verda er så godt dokumenterte som dei norske. Målingar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) synar at alle norske brear er gått tilbake sidan 2000, men det finst òg kjelder frå eldre tider.

– For enkelte brear som Jostedalsbreen går observasjonane heilt tilbake til 1700-talet, med kyrkjebøker og dagbøker frå bønder. Ein tok ikkje vitskaplege målingar slik me gjer i dag, men me veit ut frå desse kjeldene at breane var større enn no. Faktisk var dei på sitt største mot slutten av 1700-talet, då den vesle istida herja i Europa. Dette var ei tid med fleire store vulkanutbrot og låg solflekkaktivitet, som kjølte ned delar av planeten og særleg Europa. Sidan den gongen har breane krympa.

Kva har du oppdaga då, Henning?

– Eg har nytta datamodellar og forskjellige spor i landskapet for å sjå på Hardangerjøkulen spesielt, både historia og kva som vil kunna skje i framtida.

– Det viser seg at Hardangerjøkulen er veldig sårbar for klimaendringar. Dette veit me sidan stort sett alle norske isbrear var borte etter siste istid. Hardangerjøkulen kom sakte, men sikkert tilbake først for 4000 år sidan, då klimaet gradvis blei kaldare på grunn av astronomiske forhold. Men etter siste istid, då breane forsvann, var klimaet berre om lag to-tre gradar varmare enn no, og det er dette me venter oss av temperaturauke i dette hundreåret. Så det ser ikkje så bra ut for norske brear.

Åkesson er svensk, men fall pladask for Noreg då han sykla langs norskekysten for ti år sidan: Her må eg bu, tenkte han.

Breforskar Henning Åkesson frå Universitet i Bergen. Foto: privat

– Ikkje for seint

Korleis ville me merka det om breane forsvann?

– Det hadde vore trist for oss turentusiastar, for breane er mektige og flotte å sjå på. Me må òg hugsa at isbrear er eit ganske eksotisk innslag i landskapet vårt. Dei fleste menneske i verda har aldri sett ein bre, og kanskje ikkje snø eingong. Turistnæringa ville tapt på at breane forsvann, for ikkje å nemna kraftnæringa. 15 prosent av all norsk kraft er direkte avhengig av smeltevatn frå breane. Men det er ikkje for seint! Me kan framleis berga isbreane våre, om me berre kuttar i utsleppa frå kol, olje og gass.

– Kom dykk ut og sjå på breane! oppfordrar Åkesson. Då blir me kanskje like oppglødde for Noreg som han. Men me må ikkje drikka smeltevatnet for nært opp til breen. Det er fullt av lemenpiss og annan skit.

LES OGSÅ: Er grensa nådd for global oppvarming?