– Det er eit veldig tynt skille mellom det å få poeng for å drepa i eit dataspel, og det å trykka på knappen som faktisk drep, meiner dokumentarfilmskapar Tonje Hessen Schei.

Agnes Østengen, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg
Agnes Østengen, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg

Artikkelen var først hos Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

«It was just to point and click.» Slik skildrar dronepiloten Brandon Bryant korleis han sat i USA og drepte menneskjer på andre sida av jordkloden. Skildringa minner farlig mykje om eit dataspel. Gamerar har blitt ei viktig målgruppe når det amerikanske forsvaret driv med rekruttering.

Såkalla «gamification» har hatt aukende popularitet blant alt frå kommersielle selskap til utdanningssituasjonar. Konseptet går ut på å bruka spelelement i samanheng som ikkje har noko med spel å gjera. Målet er å engasjera og motivera.

LES OGSÅ: Vestlendingar drepne i heilag krig

Gameshow i klasserommet
I undervisningssammenheng ønsker man å bedre studentenes læringsutbytte og skape engasjement. Alf Inge Wang, professor ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap ved NTNU, bruker innslag av spillelementer i undervisningen sin. Han tror at dagens ungdom kjeder seg fortere, og derfor trenger læringsarenaer hvor de kan delta mer aktivt. Dersom gamification brukes på riktig måte, mener han det bidrar til å øke studentenes motivasjon.

I undervisingssamanheng ønskjer ein å betra studentane sitt læringsutbyte og skapa engasjement. Alf Inge Wang, professor ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap ved NTNU, brukar innslag av spelelement i undervisinga si. Han trur at dagens ungdom kjedar seg fortare, og difor treng å læra der dei kan delta meir aktivt. Dersom gamification blir brukt på rett måte, meiner han det bidreg til å auka studentane sin motivasjon.

Les Universitas si melding av «Drone»

– Eg kan til dømes gjera om klasserommet til eit gameshow, der det blir delt ut poeng etter prestasjon. Gjer du det bra i spelet, får du ære i klasserommet, forklarar professoren.

Han trur gamification har komme for å bli, og at marknaden er der. Wang fortel at gamification lenge har blitt brukt på barneskulenivå, men at det no har blitt populært å bruka teknikken også i høgare utdanning.

Dei beste spela har brukargenerert innhald, der både lærarane og studentane kan vera med å bidra undervegs, seier Wang.

LES OGSÅ: – Lat elevane spela!

Seljer krig som spel
Gamification handlar altså i stor grad om å unngå å kjeda seg. Men kvar går grensa for kva ein kan laga underhaldning av? Det amerikanske forsvaret har utvikla eit eige dataspel, kalla «America's Army», som skal betra rekrutteringa og fremja eit positivt bilete av hæren. Spelet vart lansert i 2002, og den nyaste versjonen kom på marknaden i 2013. «America's Army» har i dag over ni millionar brukarar verda over. Tonje Hessen Shei, regissør av den nye norske dokumentarfilmen «Drone», er sterkt kritisk til det ho meiner er å laga underhaldning av krig.

Det er veldig problematisk at det amerikanske forsvaret seljer krig som spel. Enno verre er det at spel som er laga for rekruttering faktisk blir blant dei mest populære onlinespela i verda, seier ho.

«Drone» handlar om CIA sin bruk av kampdroner mot mellom anna Pakistan. Dei to dronepilotane som er med i filmen er begge tidlegare gamerar, som fortel at dei trudde å jobba som dronepilotar skulle bli som å spela dataspel på jobb.

Då må ein spørja seg om kva mentalitet som ligg til grunn når det står mellom liv og død. Blir det lettare å drepa? Det meinte dronepilotane me følgde, seier Schei.

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

Tynt skille

I «Drone» kan pilotane sin arbeidsplass minna om eit lan-party, med dataskjermer på rekke og rad, og dunkelt lys. Pilotane følgjer dronene som flyt i timevis over det same området, på skjermen. Dronesensoren følgjer menneskja på bakken. For å bomba nokon, peikar du på personen og trykkjer på ein knapp.

Det er eit veldig tynt skille mellom det å få poeng for å drepa i eit dataspel, og det å trykka på knappen som faktisk drep, seier Schei.

Ho meiner det vekkjer store etiske spørsmål når dei to verdene blir så samansveisa. Regissøren fortel også at forsvaret slit med å motivera dronepilotane, som fort opplever jobben som keisam.

For å få tida til å gå, var det fleire gonger dronepilotane spelte videospel samstundes som dei flaug ei drone, seier ho.

LES OGSÅ: Den evige jakta på Raude Khmer

Opplæring gjennom simulatorspel
Det norske forsvaret har ingen liknande rekrutteringsspel, og har heller ikkje behov for det, sidan rekrutteringsmodellen er annleis. Knut Grandhagen, kommunikasjonssjef i Cyberforsvaret, hevdar at det er store skilnader mellom Noreg og USA sine rekrutteringsformer.

Rekrutteringa vår skjer primært gjennom verneplikta. Amerikanarane må derimot nærast ut på gata for å få folk til å søkja til militæret, seier Wang.

Likevel nyttar også det norske forsvaret seg av gamification. På treningsleiren til Hærens befalskule på Rena, blir simulatorar brukt for å trena opp soldatar. Knut Grandhagen, kommunikasjonssjef i Cyberforsvaret, meiner for øvrig at simulatorarane ikkje blir brukt for å motivera eller underhalda soldatane.

Simulator er ein måte å driva trening på. Dette er ikkje underhaldning, understrekar han.

Grandhagen forklarar at det er dyrt å bruka skarp ammunisjon, og at simulatorar er ein billig måte å trena opp grunnferdigheiter på.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Good game, bad game
I ein utdanningssituasjon tykkjer Wang at gamification bidreg med noko positivt, så lenge det er gjort på den rette måten. Han understrekar også at spel er eit medium som kan påverka i ulike retningar. Derfor er det alltid ei etisk problemstilling å ta hensyn til.

Dersom rekrutteringsspel er godt gjennomtenkt og gjennomført, fungerer dei godt. Om ikkje virkar dei stikk motsett, seier Wang.

Schei meiner at gamification ikkje høyrer heime i alle samfunnssituasjonar.

– Kva rolle Forsvaret skal ha i speleverda er noko som bør diskuterast, seier ho.

LES OGSÅ: Bør norsken kuttast frå dataspel

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE