Villsvin frå Kviterussland aula inn i EU i hopetal. Sjå videoen!

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 02.08.2018 16:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«I grensevakttenesta er det viktig å vere svært årvaken. Er du årvaken? Prøv å tel, kor mange svin du ser,» føreslår den litauske grensevakttenesta.

Ein heil skokk med villsvin tek seg inn i Litauen frå Kviterussland ved Svencionys-grenseposten. Overvakingskameraet fangar opp korleis dei firbeinte bykser inn i landet i hopetal på finurleg vis, nesten som om dei har ei kjensle av å krysse ei særskilt grense.

Videoen vart snøgt populær i Litauen etter at han vart lagt ut. Etter kvart har han vore lika og delt også i Kviterussland og Russland. Også somme aviser, som russiske Sputnik, har kommentert saka.

Les også: Simon (24) syner fram svenske villdyr til turistar frå heile verda

https://www.facebook.com/pasienislt/videos/2043254705929249/

Dei minste piler inn i landet

Det er fort gjort å kome ut av teljinga, især fordi dei vesle svinungane pilar so snøgt inn i grannelandet.

Frå kviterussisk side kjem svina ut frå høgt gras, og somme ser litt skeptiske ut til å forsere frametter i ope lende. Det kan sjå ut som om graset er klypt kortare akkurat i ingenmannsland, og her gjeld det for svina å kome seg fort forbi over til det litauiske jordet.

Nokre vaksne svin tek ansvar og ser til at kysten er fri, før ein heil skokk av småsvin aular ut av Kviterussland, somme av dei i ein rasande fart, medan dei vaksne leiarane viftar litt med halen og ser til at alt går bra for seg. Fleire vaksne svin kjem til lenger bak i flokken, og held oppsyn og ser seg varsamt for til sida, før dei òg krysser grensa.

Les også: Julius: Sjimpanse om natta, menneske om dagen

Ein siste galte tek ansvar

Når det ser ut som om heile flokken har teke seg vel inn i Litauen, kjem brått den største hærskaren av småsvin strøymande inn i landet i hoppande takt. Heilt til sist kjem ein erfaren galte med tilsynelatande godt overoppsyn. Han (eller ho?) tek seg rolig inn i det nye landet som sistemann.

Det heile ser velorganisert ut, noko som kanskje ikkje er so rart, sidan villsvina går for å vere av dei mest intelligente vesena me har i faunaen.

I sin artikkel om saka oppgjev den kviterussiske avisa Belnovosti at det til saman er 63 villsvin som forlét landet og søkte lukka i Litauen.

PS. Både i Kviterussland og i Litauen er det regulerte villsvinbestandar, so kanskje kan det vere liv laga for flokken i litauiske skogar.

Les også: Sjeldan tropisk fugl vitja vestlandet