Noreg vinn mot EU i ESA

Fiskarar frå Litauen meiner det er brot på EØS-avtalen når Noreg nektar dei å fiske snøkrabbe. EFTAs overvakingsorgan ESA avviser klagen.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 06.10.2017 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– ESA har ingen grunn til å ta denne klagen vidare ettersom EØS-avtalen tillèt nasjonale restriksjonar i fiskerisektoren, seier ESA-president Sven Erik Svedman i ei pressemelding.

Fiskarane meiner det er brot på EØS-avtalen når Noreg nektar fiskarar frå andre land i EØS-området å fiske etter snøkrabbe i norske farvatn. Klagarane, som sende klaga september i fjor, meiner Noreg gir nordmenn og russarar urettmessige privilegium, medan fiskarar frå andre land blir utestengde på ein «direkte diskriminerande» måte.

Nærings- og fiskeridepartementet har vist til, og får no altså støtte frå ESA om, at fiskerispørsmål av denne typen ligg utanfor EØS-avtalen. Årsaka er at EØS-avtalen eksplisitt opnar for slike restriksjonar i fiskerisektoren i mellom anna vedlegg 8, punkt 10:”Norway may continue to apply restrictions existing on the date of signature of the Agreement on establishment of non-nationals in fishing operations or companies owning or operating fishing vessels”.

EU meiner Noreg tar feil og har gitt 20 lisensar til snøkrabbefiske rundt Svalbard, deriblant fire til Litauen, og fiskeriminister Per Sandberg vart grilla i EU-parlamentet om saka tidlegare i år. Noreg har på si side avvist EU-lisensane, og i vinter vart det latviske fartøyet Senator tatt i arrest for ulovleg fiske. Latvia trugar òg med å trekkje Noreg for Den internasjonale domstolen i Haag sidan dei meiner borgarane deira har vorte diskriminerte.

LES OGSÅ: Snøkrabbeinvasjon i Barentshavet

Berre for å trygga oljen

Noregs nei til utanlandske krabbefiskarar har møtt kraftige protestar internasjonalt, mellom anna har det vorte hevda at saka berre er viktig for Norge for å unngå presedens som vil gje andre lov til å leite etter olje i norske farvatn, noko norske styresmakter nektar for.

– Det er mogleg at måten Noreg handsamar dette spørsmålet, kan setja presedens viss dei finn olje, gass, mineral og genetiske ressursar på kontinentalsokkelen. Viss Noreg opnar det for utvinning, vil det innebera at alle signaturstatar må handsamast som norske statsborgarar, seier Harald Sakarias Brøvig Hansen, forskar i maritim lovgjeving og fiskeri på Fridtjof Nansen-instituttet, til Politico.

No ser det altså ut til at fiskerettane, og difor rettane til utvinning av olje og gass, framleis er på trygge norske hender, etter avgjerda i ESA.

LES OGSÅ: Ingen grunn til å tvile på EØS