Turistar risikerer liva ved isbreane

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ved breen kan det rase is og stein. Når det hamnar i elva, kan det skape flaum, fortel Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn

Rudsengen fortel at det har smelta ein del i sommar, og at større bitar med is fell i elva, slik at det fløymer over. Ved elva er det difor òg sperringar.

Det skjer kvar dag

19 år gamle Aina Kvam er breførar. Hennar jobb er å føre med seg turistar over breen på ein trygg måte.

Aina Kvam ved ei grotte i Nigardsbreen. Foto: Privat

– Til dei me har med oss er me tydelege på at me forventar at dei må forhalde seg til våre reglar, og ikkje gå nokon stad me seier dei ikkje skal gå, seier ho.

Som breførar er ho på motsett side av elva enn turistane som berre er der for å sjå på breen. Men ho fortel at ho ser turistar som set seg sjølv i fare kvar dag.

– Folk går forbi sperringane, og heilt opp til isen. Nokon står til og med og sparkar på isen. I dag såg me nokon som gjekk bort til lause flak, og sende dei nedover berga.

Les òg: Vil at skandinavar skal få opp auga for viltdyrskoding

Tydeleg informert

Rudsengen meiner det er godt og tydeleg informert om farane ved breen.

– Det er satt opp gule og svarte fareskilt, samt kjettingar i dei same fargane, som skal vise tydeleg at det er fare. Det skal òg vere eit skilt med informasjon om farane før ein kjem fram til breen, som forklarar kva slags farar det er, seier ho.

Ho fortel vidare at dei svarte og gule fargane vert nytta til fareskilt i heile Europa, og at signaliseringa difor skal vere tydeleg.  

– Det er vanskeleg å vite kva meir ein kan gjere. Det skulle gjerne vore ein person der heile dagen.

– Deler på ansvaret

Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn sikrar at sperringane held seg i ro. Foto: Anne Rudsengen / Statens naturoppsyn.

Rudsengen fortel at det ikkje er nokon som har formelt ansvar for å informere om farane, men at dette er noko fleire samarbeider om.

Både Statens naturoppsyn, Luster forvaltning, politiet, Breheimsenteret og reiselivsaktørane som har med breen å gjere er med på samarbeidet.

– Det er ein turnus på det, og nokon sjekkar sperringane kvar dag. Førre veke var det ein tornado som velta alle sperringane. Det vart det raskt opplyst om frå breførarar, og skilta vart sette på plass igjen, seier ho.

– Så me er fleire aktørar som gjer dette saman. Men alle føler eit ansvar, legg ho til. 

Les òg: Preikestolen lagt til India i ny storfilm

– Veit det er farleg

Breførar Aina Kvam er samd med Rudsengen i at det er godt opplyst om farane.

– No er det til og med dobbel kjetting, så for å komme seg forbi må dei anten ta høge skritt over, eller komme seg under, fortel ho.

Ho meiner at turistane ikkje kjem seg forbi sperringane utan å få med seg faremerkinga.

– Dei veit at det er farleg, men dei går likevel over sperringane, så eg trur ikkje meir kan gjerast for å opplyse, seier ho.

– Folk må ha vet

Som Rudsengen, trekk Kvam fram at det kunne ha vore ein person som sat vakt ved breen, men ho meiner det vil  krevje mykje ressursar.

– Folk må ha vit, rett og slett. Dei må tenkje på at det er store krefter i sving, og må tenkje på både seg sjølve og på andre, seier ho, og legg til: 

– Om nokon går over sperringane, så er det lettare for andre å følgje etter, seier ho. 

Her er informasjon om kvart av fareskilta ved breen. Denne informasjonen møter turistane før dei kjem heilt fram, og er vanleg ved fleire brear. Foto: Anne Rudsengen / Statens naturoppsyn

Les òg: Må stille krav til cruisenæringa