Island sin innanriksminister synte FBI på dør
Island sin fyrste innanriksminister, Ögmundur Jónasson, fortel om då FBI freista å etterforske WikiLeaks ulovleg på Island. Det ville han ikkje vita av.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mot slutten av august 2011 sende amerikanske styresmakter eit fly fullt av FBI-agentar til Island, som ynskte å samarbeida med oss. Det var ein operasjon mynta på å setja fast Julian Assange og WikiLeaks, og få islandske styresmakter til å hjelpa seg med det, seier Ögmundur Jónasson til Framtida.no.
Han var Island sin innanriksminister på det aktuelle tidspunktet, for partiet Vinstri græn, Det Grøne Venstrepartiet.
Tidlegare talsmann i WikiLeaks, Kristinn Hrafnsson, seier ein storjury i USA alt hadde starta ei hemmeleg etterforsking av Assange før flyet med FBI-agentar landa på Island i august 2011. Denne etterforskinga har ikkje med dei moglege valdtektene i Sverige å gjera, men med Assange sitt arbeid i WikiLeaks.
Pressetalskvinne i FBI, Carol Cratty, har opplyst overfor Framtida.no at dei ikkje vil kommentera om dei hadde ei etterforsking gåande mot Assange i 2011.
I ein artikkel i New York Times i frå 2013, derimot, stadfestar ein talsmann frå justisdepartementet til USA at dei «etterforskar saker som involverer WikiLeaks, og at den etterforskinga held fram». Talsmannen ynskte ikkje å koma med detaljar.
Les også: Heile Google-universet til den kjende islandske journalisten vart overlevert til FBI
Jónasson: – Eg hadde ei moralsk plikt til å stogga dei
FBI-agentane landa grytidleg om morgonen ein sein augustdag i 2011, utan at innanriksminister Jónasson hadde den ringaste aning om det. Litt seinare ut på morgonen kom det han for øyro.
– Dei ynskte å avhøyra nokre folk på Island, men eg ville ikkje ha noko med dette å gjera. Difor gav eg ordre om at heile operasjonen deira måtte instillast med det same, seier Jónasson.
– Kom dei med rutefly eller eit eige fly?
– Det var eit eige fly, berre med desse folka. Og då eg fekk høyra om at flyet hadde landa, hadde dei alt starta med å organisera intervju av islandske politifolk av høg rang.
– Kva fekk dei gjort før du greip inn?
– Dei hadde mest ikkje kome i gong i det heile. Dei var på veg mot politihovudkvartera då eg fekk stogga dei.
– Var du redd for å setja deg oppimot dei slik?
– Nei, ikkje i det heile. Eg såg på det som ei moralsk plikt å gjera det. Utanlandske politimenn opererte på Island utan løyve, og då var eg, som innanriksminister, plent nøydd til å stogga dei, seier Jónasson.
FBI-agentane fekk dinest opphalda seg på Island som turistar, og dei vart verande nokre dagar til utan å få gjera meir politiarbeid.
Framtida.no har spurt FBI om organet verkeleg gav seg i kast med å etterforska WikiLeaks på Island i august 2011, og om det er sant at dei kom til Island utan løyve. Me har òg spurt om dei vart overraska då innanriksminister Jónasson gav agentane ordre om å stogga all aktivitet og instruerte islandsk politi til ikkje å samarbeida med dei.
Pressetalskvinne Carol Cratty har informert Framtida.no om at FBI ikkje vil kommentera dette.
Les også: George Orwell kan ha fått tuberkulose under den spanske borgarkrigen
Nesten to år seinare fekk New York Times-lesarar høyra om episoden
Det tok nesten to år før nyhenda om at Jónasson hadde vist FBI på dør, nådde noka stor avis. The New York Times fanga opp saka sumaren 2013, etter at dåverande talsmann for WikiLeaks, islandske Kristinn Hrafnsson, januar same året hadde fortalt på islandsk fjernsyn om det som hadde skjedd.
– Kristinn kom og spurde meg om eg kunne stadfeste at FBI hadde kome til Island, og eg sa at det kunne eg. Eg tenkte som so at dette ikkje er noko å halda stilt om i det heile, so eg har alltid tala fritt om dette, seier den tidlegare innanriksministeren.
Jónasson seier at å aksjonere mot WikiLeaks aldri var på hans agenda som innanriksminister.
– Det skal vera visst at eg ikkje ynskte å ha noko med desse folka (frå FBI) å gjera i det heile. Tvert om, so ser eg på Julian Assange, Chelsea Manning og Edward Snowden som folk som har gjort ei stor teneste til oss som bur i frie, opne samfunn. Eg meiner at me er dei ei stor takk skuldig.
Jónasson har ved fleire høve teke til orde for at Island burde tilbyda Edward Snowden asyl.
FBI prøvde seg med list
Ögmundur Jónasson høyrde fyrste gongen frå FBI to månader innan dei landa på Island for å etterforske WikiLeaks.
– Dei sa at dei hadde kunnskap om hackarar som ynskte å øydeleggja viktig programvare her på Island. Dei snakka generelt, men nemnde at energi- og finansministeria kunne vera truga av åtak.
Jónasson seier at Island sjølvsagt var interessert i å høyra det USA måtte vita om moglege trugsmål frå datasnokar.
– Me sende folk frå det islandske politiet til USA, men ikkje mykje kom ut av dette. Eg mistenkjer at heile greia var noko dei sette opp for å knyta kontaktar.
Jónasson seier dei framstilte det som at det var veldig alvorleg, og at dei difor ynskte å hjelpa islandske styresmakter med å handtera det.
– Eg hadde mine reservasjonar omkring dette, og mistenkte at ei hjelpande hand kunne verta ei manipulerande hand, seier han.
Les også: Palestinsk jente lauslaten frå fengsel vekkjer åtgaum
Informerte statsministeren om ulovlege agentar
FBI-agentane landa på den islandske innanlandsflyplassen inne i Reykjavik vel to månader etter at islandske politifolk hadde vore i USA. Agentane refererte til kontakten dei hadde hatt med islandsk politi omkring mogleg hackaraktivitet på Island.
– Eg mistenkjer at dette var deira måte å skaffa eit påskott til å gjera det dei ynskte, seier Jónasson.
Han tala aldri direkte til nokon av agentane.
– Eg gav berre ordre om at politiet vårt skulle stogga alt samarbeid med dei, og informerte statsministeren og utanriksministeren vår om at dei opererte ulovleg i landet.
Somme islandske parlamentarikarar var usamde med innanriksministeren og kritiserte han seinare i det islandske alltinget for at han handla slik han gjorde.
Les også: Fredsnasjonen Noreg ligg på andreplass i krig
– Me bør ikkje ta del i nokon freistnad på å bringa dei til tystnad
Det har i det siste versert rykte om at Ecuador, som huser Julian Assange i sin ambassade i London, vurderer å utlevera han til britiske styresmakter. Assange og dei som støttar han, fryktar at han i so fall kan verta utlevert vidare frå Storbritannia til USA.
– Har du gjort deg tankar desse åra om rettsprosessane i Sverige og Storbritannia mot Assange, og det at han har søkt dekning i den ecuadorianske ambassaden i London?
– Eg kan ikkje seie at eg kjenner Julian Assange personleg, sjølv om eg har møtt han eit par gonger. Eg kjenner arbeidet til WikiLeaks, og måten arbeidet til bidragsytarane der har opna augo våre for ting som bør gjelda oss alle. Me bør beskytta medlemene, og ikkje ta del i nokon freistnad på å bringa dei til tystnad, seier Jónasson, og legg til:
– Om Assange vert overlevert til britiske styresmakter, og so til amerikanske, so er det ille. Me veit korleis amerikanarane handsamar folk som har gjort slike handlingar som Assange har gjort seg skuldig i. Eg brukar ordet handlingar, og ikkje brotsverk, for det er handlingar han har gjort seg skuldig i gjennom WikiLeaks, og ikkje brotsverk.
Les også: Når krig vert underhaldning
Fakta om Wikileaks-aktivitet i året 2010 fram til oktober, då ein hemmeleg amerikansk storjury hadde opna sak mot Julian Assange og Wikileaks.
Mogleg bakgrunn for at Assange søkte asyl hjå ambassaden til Ecuador i London:
Kjelder: Wikipedia og lenketilvisningar |
Julian Assange og rettsprosessane
- Fleire leiande personar i Wikileaks har hatt tilknytning til Island, anten som islandske statsborgarar eller folk som har vore innom Island dei siste par åra før 2011. Også Julian Assange oppheldt seg til tider på Island i tida etter finanskrisa.
- På det aktuelle tidspunktet innanriksminister Jónasson referer til, oppheldt Assange seg i England, der han var i husarrest.
- Den amerikanske, hemmelege etterforskinga av Assange starta seinast i oktober 2010. Då Sverige i november 2010 kunngjorde at dei ynskte Assange utlevert for mistanke om valdtekt, var dermed Assange alt under etterforsking hjå FBI. Sjølve mistanken om seksuelle brotsverk fekk han derimot imot seg alt i august 2010 medan han var i Sverige.
- Assange melde seg hjå britisk politi desember 2010. Ti dagar seinare slapp han fri frå britisk varetekt gjennom ein kausjonsavtale.
- I 2012 søkte Assange ly hjå den ecuadorianske ambassaden i London, der han fekk asyl. Dimed braut han dei britiske kausjonsvilkåra frå desember 2010. Dette er grunnen til at Assange vil verte arrestert av britisk politi om han forlèt den ecuadorianske ambassaden i London.
- Det er ikkje kjent om Storbritannia vil utlevere Assange til USA, skulle USA be om det.
Kjelder: Wikipedia og The New York Times