Framleis låg interesse for oljestudium
– Me skal driva med olje og gass i mange tiår framover, seier olje- og energiminister Terje Søviknes. Samstundes viser tal frå Samordna opptak at norsk ungdom mistar tilliten til næringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Solnedgang for oljenæringa?
Medan talet på søkjarar til oljerelaterte studium i 2014 var fleire gonger høgare enn kapasiteten, er det no ledige plassar på mange slike utdanningsprogram. Andre er berre så vidt fylte opp.
Dette er tradisjonelt sett svært populære studium der det har vore hard rift om plassane.
Samstundes strøymer søkjarane til meir fornybarorienterte studieretningar, mange av dei oppretta for berre få år sidan.
Fornybar energi er meir populært
Eit talande døme er det nye masterprogrammet Energi, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen på Vestlandet (HVL): Medan tre kandidatar gjekk ut i 2014, har dei no tjue studentar per kull, og langt fleire søkjarar.
Ein ser denne tendensen òg i poenggrensene, som no er høgare for mange studium i fornybar energi enn i fossilstudium.
Det er ikkje noko fundamentalt nytt i år – me såg liknande og kan henda endå tydelegare teikn på ei dreiing mot fornybare fag i fjor.
Men dei nyaste tala viser iallfall at trenden held seg. Framtida har sett nærare på søkjartala for ei rekkje studium innan fornybar og fossil energi, og samanlikna årets og fjorårets tal. Tabellen kan du sjå nedst i saka.
Les òg: Ungdommen aksjonerte mot oljekonferanse
Næringa treng nye folk
– Me skal driva med olje og gass i mange tiår framover, uttalte olje- og energiminister Terje Søviknes til NRK i fjor sommar.
Han la til at olje- og gassnæringa vil trenga 20 000 – 25 000 nye hovud etter kvart som folk går av med pensjon og næringa trappar opp aktiviteten på norsk sokkel.
Den same visa høyrde me i 2012, då det var «oljeboom» her til lands. Oljemilliardær og jærbu Ståle Kyllingstad sleit fælt med å skaffa nok folk. I VG sto det:
«Nå roper Jærens «selfmade man» et kraftig varsku til politikerne og unge:
– Vi må slutte med lystbetont utdanning og gå tilbake til behovsprøvd utdanning. Det er en skrikende mangel på realfagsutdannede.»
Les òg: Ti ekspertar oppfordrar til kutt i norsk oljeeksport
– Ulogisk at ingen tør å søkja
Men frå 2013 til 2015 fall sysselsetjinga i oljerelatert sektor med 11 prosent, eller 25 000 personar, på grunn av eit stup i oljeprisen.
Ho tek seg opp igjen no, men det går treigt å få opp søkjartala til oljerelatert utdanning. Ei av dei som har byrja på petroleumsstudier, er Sarah Shariff (20).
– Eg synest det er så ulogisk at ingen tør å søkja, at det motiverer meg nesten meir. Den kunnskapen me sit på i Noreg, kan ikkje gå tapt, seier ho til Dagens Næringsliv i dag.
Tidlegare oljeanalytikar og no «fornybaranalytikar» Thina M. Saltvedt meiner dei burde ha valt annleis.
– Eg ser ikkje for meg at det vil vera vekst i oljebransjen dei komande åra, uttaler ho til DN.
Les òg: Kritikk mot 36 nye oljeblokkar i Barentshavet
Søkjarar per ledig plass | ||||
Fag innan fossil | 2017 | 2018 | Prosentvis endring | |
UiS | Ingeniør, petroleumsteknologi | 1,3 | 1,3 | 0 |
UiS | Petroleumsteknologi | 1,9 | 1,6 | -15,8 |
UiS | Petroleumsgeologi | 1,1 | 0,8 | -27,3 |
NTNU | Petroleumsfag | 1,1 | 1,6 | 45,5 |
NTNU | Geologi | 2,5 | 2,8 | 12,0 |
NTNU | Ingeniør, olje- og gassteknologi | 1,1 | 0,7 | -36,4 |
UiB | Petroleums- og prossessteknologi | 0,7 | 0,7 | 0 |
UiB | Geologi | 0,7 | 0,5 | -28,6 |
Høgskulen i Molde (HiMolde) | Petroleumslogistikk | 0,5 | 0,6 | 20 |
UiO | Geologi og geografi | 0,9 | 0,9 | 0 |
UiT Norges arktiske universitet | Geologi | 0,5 | 0,4 | -20 |
UiT Norges arktiske universitet | Energi, klima og miljø | 1,5 | 1,7 | 13,3 |
Talet på søkjarar totalt | 393 | 372 | -5,3 | |
Fag innan fornybar | ||||
USN (Universitetet i Sørøst-Noreg) | Ingeniør, ren energi og prosessteknologi | 1,6 | 0,9 | -43,8 |
NTNU | Ingeniør, fornybar energi | 3,1 | 1,9 | -38,7 |
NTNU | Ingeniørfag, fornybar energi | 1 | 0,9 | -10,0 |
NMBU | Fornybar energi | 2,5 | 2,6 | 4,0 |
NMBU | Miljøfysikk og fornybar energi | 4 | 3,7 | -7,5 |
NMBU | Energi- og miljøfysikk | 1,4 | 2 | 42,9 |
UiA | Ingeniør, fornybar energi | 1 | 0,7 | -30,0 |
HVL (Høgskulen på Vestlandet) | Fornybar energi | 1,6 | 2,1 | 31,3 |
HVL (Høgskulen på Vestlandet) | Ingeniør, energiteknologi | 1,1 | 0,7 | -36,4 |
HVL (Høgskulen på Vestlandet) | Energi, elkraft og miljø | 0,3 | 0,4 | 33,3 |
UiB | Energi | 4,4 | 1,8 | -59,1 |
OsloMet | Ingeniør, energi og miljø | 1,1 | 1,2 | 9,1 |
Talet på søkjarar totalt | 636 | 607 | -4,6 |