DVD-en taper stort for filmstrøymetenestene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DVD-en taper stort

På same tid såg vi 25 millionar filmar via norske nettbaserte betalingstenester, nesten fire gonger så mange som talet selde DVD-ar.

Frå 2012 til 2013 fall salet på DVD-ar frå 11,4 millionar til 6,8 millionar einingar.

Pilene peikar også nedover for Blu-ray Disc, der salet fall med 12,6 prosent til 1,8 millionar selde einingar i fjor. Trass i fallet auka Blu-ray Disc marknadsdelen frå 15,4 til 20,9 prosent.

– Dette er ein venta nedgang, og vi har nok ikkje sett botnen enno. Det er gledeleg å sjå at marknadsdelen for Blu-ray Disc aukar, men det er ikkje nok til å kompensere for fallet i selde DVD-ar, seier videorådgivar Erik Zmuda i bransjeorganisasjonen Film & Kino i ei pressemelding.

Han trur likevel det framleis er plass til ein fysisk marknad, særleg for spesialbutikkane.

Den fysiske leigemarknaden frå butikk fall med 20 prosent frå 2012. (©NPK)