Obsession – intens, mørk og morosam
Youtubar Curry Barker sin første studiofilm er ein skrekkeleg kraftprestasjon.
Bear (Michael Johnston) forgudar Nikki (Inde Navarrette).
Han vil ikkje anna enn å be ho ut, få eit ja, og leve lykkeleg alle sine dagar.
Ho likar han ganske godt også, men han er ikkje sikker på om det er på same måte.
Då Bear kjem over ein ønskekvist i ei sjappe for spirituelt visvas, tenker han at det er ei morosam lita gåve. Utan store forventningar, endar han sjølv opp med å bruke han, med ønsket om at Nikki skal elske han over alt i verda.
«Obsession»
Regi: Curry Barker
Lengd: 1 time 50 min
Premiere: 22. mai 2026
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: Skrekk
Kan det vere flaks at ho med ein gong ser ut til å få auga opp for han? Og kva kan ein eigentleg gjere når draumedama blir til eit mareritt?
Filmen som følgjer er ein skikkeleg slem liten godsak som gjer det meste ut av konseptet sitt.
Sjangermeistring
Mykje av det ligg i korleis han fungerer både som skrekkfilm og bekmørk, forvridd dramakomedie. Bear og Nikki har vore del av den same venegjengen, og medan dynamikken der endrar seg, blir det vanskelegare å halde maska.
Det hadde så klart vore enklare å late som om alt er fryd og gammen, at dei to berre fann kvarandre, men etter kvart som Nikki blir meir og meir intens, forsvinn alle teikn på idyll.
Det enkle, fengande konseptet kunne lett ha vore gjennomført på overflatisk vis, og likevel vore eit godt stykke underhaldande skrekk.
At regissør og manusforfattar Curry Barker vel å grave djupare enn som så, er beundringsverdig i seg sjølv, men det er den fjørlette elegansen han gjer det med som verkeleg løftar Obsession.
Latter og skrik
Han har utvilsamt eit glimt i auget mykje av tida.
Dette er ein tidvis hysterisk morosam film, ikkje trass i mørket, men med hjelp av det. Samtidig veit Barker å snu på forventningane på måtar som vekslar mellom å vere morosame, fryktelege, og ofte begge delar.
Dette er ein film der dei ukomfortable implikasjonane blir tatt til sine naturlege endepunkt.
Det er ei gradvis utvikling her eg verkeleg diggar. Lag for lag blir flerra av desse karakterane, men aldri i form av U-svingar inn i mørket. Det er dei små, menneskelege feila som veks seg til monster her.
Det er mykje meir skremmande.
Skummel dame
I eit rollegalleri der kvar skodespelar fyller skoa sine godt, er Inde Navarrette som Nikki ei blendande morgonstjerne. Manuset krev mykje av ho, varm sjarm og hårreisande sinne om kvarandre, og ho leverer. Sjølv om dei to er forskjellige i både rolle og prestasjon, fekk intensiteten hennar meg til å tenke på Isabelle Adjani i Possession (1981). Eit større kompliment er knapt mogleg.
Navarrette sin prestasjon, kombinert med fabelaktig produksjon i form av regi, foto og belysning, er hovudkjelda til ubehag i Obsession.
Nøyaktig kva som føregår med ho, får ein aldri heilt tak på, men det er desto meir effektivt. Klart skjønner ein raskt at noko er gale, og filmen gjer ein del ting klare, men det er skuggesidene som fascinerer meg. Det er akkurat nok drypp av informasjon til å setje tankane i gang, utan at ein nokosinne får tryggleiken av kontroll.
Eg tek meg framleis i å lage teoriar, samtidig som er eg nøgd med å aldri få sanninga.
Jo meir eg tenker på Obsession, jo meir imponert blir eg, ikkje minst fordi han stadig gir meg noko å tenke på.
Dette er ein film som heldt meg på tærne og overraska meg gong på gong, både med plutseleg latter og den typen ubehag som slår ein som ein murstein i magen.
Eller ansiktet.










