No Other Choice – perfekt for tida vi lever i no

Viss du er i humør for ein mørk komedie med politisk brodd, som i tillegg er kjempespennande, er dette filmen for deg.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Park Chan-wook er tilbake! Etter å ha regissert filmar som Oldboy og Decision To Leave, er det inga overrasking at No Other Choice er ein av dei beste filmane eg har sett i år.

Man-su (Lee Byung-hun) får sparken frå jobben sin, og det perfekte livet hans heng i ein tynn tråd. Han får ikkje svar på jobbsøknadane sine, og ser berre éin mogleg veg ut av denne håplause situasjonen; å bli kvitt all konkurranse, koste kva det koste vil.

«No Other Choice»

Land: Sør-Korea

Regi: Park Chan-Wook

Speletid: 2t 19m

Sjanger: Thriller, mørk komedie

Kor: På kino frå 13. mars

 

Positivt overraska

Eg er veldig glad i boka filmen er basert på. Eg slukte The Ax (1997) på null komma niks. Det er ein morosam satire og spennande thriller på ei og same tid, meisterleg fortald av Donald E. Westlake. Appellen for meg var kor godt planta eg blei i perspektivet til forteljaren. Måten han rettferdiggjer fæle handlingar på, er både forstyrrande og forståeleg.

Mi største frykt då eg begynte å sjå filmen, var korleis dei skulle formidle desse indre prosessane på lerretet. Ein film med voice-over og video av nokon som ser betenkt ut er ikkje akkurat det mest spennande eg veit om. Heldigvis vart eg positivt overraska.

Den franske filmen The Axe (2005) er også basert på boka av Westlake, men for meg bomma han totalt. Han er veldig tru mot boka. Ting skjer i rett rekkefølgje, dialogen er henta direkte frå den originale teksten; på papiret er det ingenting å setje fingeren på. Det er kanskje akkurat det som er problemet. Sidan dei ikkje endra nok frå boka, kom vi ikkje inn på karakterane, og mordaren i fokus blir ein galen mann som gjer ting fordi det er det som står i manuset.

Her gjer No Other Choice nok endringar for å få historia til å fungere på film, samtidig som dei originale temaa blir varetekne og oppdaterte for ei ny tid.

Smarte endringar

Konseptet er det same i boka og filmen. Hovudkarakteren vår er desperat etter ein jobb i papirindustrien, og tyr til drastiske metodar for å oppnå målet sitt. Elles er det meste endra på, og handlingar miksa og triksa med for å bli ei elektrisk filmoppleving.

Foto: Another World Entertainment

Handlinga er flytta frå middelklassa i USA til ein velståande familie i Sør-Korea, komplett med stort hus, lykkelege born som spelar cello, og søte hundar. Hovudkarakteren vår Man-su startar filmen på topp, så når livet hans sakte fell frå kvarandre, er vi heilt med på desperasjonen hans. Filmen gjer ein nydeleg jobb med å ta oss med på tankeprosessen hans gjennom dialog og smarte val i redigeringa.

Og han er morosam! Sjølv om temaet er dystert, greier han enkelt å vareta ei stemning som er både humoristisk og spennande. Karakterane er underhaldande. Måten dei spelar på kvarandre er det som held drivkrafta oppe i filmen. I tillegg var det umogleg å ikkje le under actionscenane. Man-su er både inkompetent og utspekulert; det er ufatteleg artig å sjå korleis han snublar seg gjennom situasjonar der det står om liv og død.

Leverer på alle nivå

Heile filmen var ei nyting å sjå på, ei som berre fortsette å levere heile vegen igjennom. To timar flaug av garde på eit augeblikk. Alle elementa, frå set-design til skodespel til musikk, glir saman til ein film som leverer på alle nivå. Eg kan ikkje vente med å sjå filmen ein gong til for å suge til meg alle dei små tinga eg ikkje fekk med meg fyrste gongen.

Eg vil ikkje avsløre for mykje, eg vil anbefale deg å la filmen sjølv leie deg gjennom ei nervepirrande og morosam forteljing. Han har lag på lag med detaljar. Små frø blir planta heile tida, som verkeleg løner ein oppmerksam tilskodar. Ein av mine favorittdetaljar er korleis hovudkarakteren vår fungerer som ein papegøye. Mykje av det han seier er henta direkte frå tidlegare samtalar han har overhøyrt. Det er ting som dette som gjorde filmen til ei veldig engasjerande oppleving for meg.

Denne filmen kjennest perfekt ut for tida vi lever i no, ein satire på eit individualistisk og nedslått samfunn som greier å ikkje følast håplaus. Viss du er i humør for ein mørk komedie med ein politisk brodd, som i tillegg er kjempespennande, er dette filmen for deg.