Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 25.08.2018 21:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein dag i 1984 var 14 år gamle Shanté Gooden på veg til eit vaskeri i Queensbridge, New York då ho traff rapparen Mr. Magic og produsenten Marley Marl. Dei byrja å diskutere.den nye plata til rapgruppa U.T.F.O. som hadde ei b-side låt med namnet «Roxanne, Roxanne». Songen handla om ei dame som hadde avslått dei. Shanté hadde vore kjend som ein dyktig rappar i Queen sitt freestyle miljø sidan ho var 9 år gamal. Ho føreslo at dei tre skulle lage eit motsvar til U.T.F.O, der Shanté i den lyriske rolla som Roxanne skulle få seie sitt.

Ikkje lenge etter spela dei inn songen «Roxanne’s Revenge». Marl produserte låta med melodien frå «Roxanne, Roxanne» som basis. Shanté stod for den bitande, kreative teksten. Nesten overnatt vart ungdomsjenta ei av dei fyrste kvinnelege MC-ene som fekk oppleve stor popularitet i hiphop-miljøet. Ho byrja å opptre under namnet Roxanne Shanté. Den særeigna stilen hennar vart ein mal etterlikna av andre rapartistar, både kvinner og menn, i ein serie platar som vert kalla The Roxanne Wars.

Utnytta og forsvann

Men ungdommen og kjønnet til Shanté gjorde ho sårbar. Ho vart utnytta av produsentane ho jobba med og såg lite av pengane som dryssa inn frå platesala og turneane. Innan 25-årsdagen var ho godt som forsvunne frå musikkscena.

I åra sidan har spørsmålet hengt i lufta – kva skjedde med Roxanne? No kjem filmen Roxanne Roxanne for fortelje den kompliserte historia om jenta som endra hiphop, og har i stor grad blitt gløymt innanfor sjangere ho var med å skape.

Roxanne Roxanne er skrive og regissert av Michael Larnell, og produsert av eit team som inkluderar Mimi Valdes, Pharell Williams og Forest Whitaker. I rolla som Roxanne Shanté har den ferske skodespelaren, Chanté Adams. Filmen gir innsyn i oppveksten med den kjærlege, men vanskeleg mora (Nia Long), forholdet til ektemannen (spela av Oscar-vinnar Mahershala Ali), og verknaden Roxanne hadde på ein ung rapspire med namnet Nasir Jones.

LES OGSÅ: Spike Lee-klassikar har blitt 10 episodar på Netflix

Frå fenomen til den største sjangeren

Då Roxanne har si stortid, spådde plateselskap og musikkjournalistar at hiphop ville ha ei levetid på maksimum ti år. I januar 2018 passerte hiphop offisielt rock ‘n’ roll, og er no den mest populære musikksjangaren. Det er fleire hiphop i dag enn nokosinne.

Shanté var ikkje den fyrste eller einaste kvinnelege hip-hop artisten i startfasen. Når historia om starten på hiphop vert fortalt, vert bidraga til kvinner ofte utelatne. Teamet bak Roxanne Roxanne vil presentere historia om Roxanne til ein ny generasjon.

Forhåpentlegvis vil filmen gi unge hiphop-entusiastar lyst til å lære meir om røtene til musikkstilen, og om kvinnene som har spela sentrale roller i utforminga av den.

Les om fleire filmar og seriar på Netflix her!