Nytt internasjonalt folkemusikkband skal hylle Vinje på Vinjerock

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nytt internasjonalt folkemusikkband skal hylle Vinje på Vinjerock

Folkemusikkbandet Vinjefolk opptrer for første gong under festivalen Vinjerock på Eidsbugarden i Jotunheimen kommande helg. Dei skal mellom anna spele ein bluegrass-versjon av diktet «Ved Rondane» av A.O. Vinje.

I år er det 200 år sidan forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Vinjefolk er eit ledd i markeringa av Vinje-jubileet.

– Bandet er består av folkemusikarar vi veit er bra og som vi veit leverer kule ting, seier Asgaut Bakken til Nynorsk pressekontor. Han har hatt ei slags produsentrolle i arbeidet med å setje saman bandet.

– Det var Vinjerock som tok initiativet. Dei kontakta meg og eg har vore med å velje ut kven som skal spele og kva repertoaret skal vere. Eg er ein slags produsent, fortel Bakken, som har arbeidd med booking til og arrangering av folkemusikk-tilstellingar sidan 2004.

Les også: Vinjerock utselt på ein blunk

Vanskeleg med øvingstid

Bandet, som har fått namnet Vinjefolk er sett saman av folk med opphav frå fire ulike land som til vanleg spelar i ulike band og representerer eit vidt spekter av sjangrar. Fellesfaktoren er at dei spelar, eller har spelt i eitt eller fleire folkemusikkband opp igjennom tida.

– Det er klart det er ei utfordring med øvingstid når medlemmene i bandet ikkje har noko med kvarandre å gjere til dagleg. Her har vi rett og slett eit band der folk ikkje kjende kvarandre frå før, fortel Bakken.

Litt tid til øving har det likevel blitt.

– Dei har hatt tre dagar med øving i mai. Då sette dei repertoaret og køyrde gjennom med lydteknikar. I tillegg har nokre i bandet møtt kvarandre nokre kveldar for å øve og enkelte i bandet skal møtast torsdagen i førkant av festivalen, seier Bakken.

– Repertoaret er spelt inn slik at musikarane kan øve sjølve ved å høyre på det, legg han til.

Les også: Sjekketriks i fjellheimen

Skal hylle Vinje

Aasmund Olavsson Vinje var ein av dei første etter Ivar Aasen som aktivt tok i bruk det norske landsmålet (nynorsk skriftspråk) som Aasen hadde utvikla, og den første som gjennomgåande brukte landsmål også i prosa.

Det er i samband med markeringa av jubileet at Vinjefolk har kome i stand.

– Vinjerock ønskte at vi skulle gjere noko eksklusivt retta mot jubileet. Så vi laga ei låt av diktet “Ved Rondane” av Vinje. Låten har bluegrass-topping og ein har garantert aldri høyrt det diktet slik før.

Les også: Den beste måten å heidre Vinje på, er å gje journalistikk på nynorsk gode vilkår

Spelar òg på Riksscenen

Sjølv om bandet er nystarta og består av medlemmer som vanlegvis er med i andre band eller er soloartistar blir det ikkje siste gong dei spelar.

– Dei skal òg spele på Riksscenen i Oslo 1. september, fortel Asgaut Bakken.

Sjølv om bandet i utgangspunktet var eit bestillingsverk til Vinjerock var det heile tida eit ønskje at dei skulle spele fleire konsertar.

– Det er typisk at denne typen band spelar på ein festival og aldri meir. Eg meiner det er ein uting. Når ein brukar masse tid å ressursar på å setje saman flinke folk, så syns eg dei bør få høve til å spele fleire gonger, seier Bakken.

Han syns òg det er prisverdig av Vinjerock å gi stor plass til folkemusikken på festivalen i år.

– Eg syns det er utruleg flott at ein festival med mest kommersiell musikk gir plass til folkemusikken. Det er ikkje folkemusikarar vande med. Det er stort av dei. Så får vi berre håpe dei blir nøgde, avsluttar Bakken.

Les også: Vest-Telemark: – Beste kulturregion etter Oslo

Desse spelar i Vinjefolk:

På feler er det skotske Sarah-Jane Summers (Summers/Silvola, Siskin Quartet), Anders Hall (Sver, Sigrid Moldestad Band) frå Sverige og Hans Kjorstad (Vassvik, Reolo) frå Gudbrandsdalen. På klimpreinstrument finn vi Hans Martin Austestad (Earlybird Stringband, Løkki) på banjo, finske Juhani Silvola (Adjagas, Erlend Viken Trio) på gitar og Ellen Brekken (Hedvig Mollestad Trio, Maar) på kontrabass. Det heile blir toppa med Anders Lillebo (Stampestuen, Eau de Vill) på orgel og munnspel og Knut Ålefjær (Helge Lien Trio, Kristin Asbjørnsen), som trakterer trommer og perkusjon.