Det tok ikkje lange tida før dei 3.000 billettane til høgfjellsfestivalen vart utselde fredag.
Nynorsk Pressekontor

Billettane til Vinjerock-festivalen på Eidsbugarden i Jotunheimen til sommaren gjekk ut på berre nokre få sekund, i år som i fjor.

– Det at vi ikkje sel fleire ordinære billettar, heng saman med området vi nyttar. Det største ansvaret vår er å lage ein berekraftig festival som ikkje øydelegg naturen oppe på Eidsbugarden, og derfor må vi avgrense billett-talet, seier festivalsjef Julie Forchhammer i ei pressemelding.

Den 19.–22. juli står mellom andre Fieh, Silvana Imam, The Dogs, Fay Wildhagen, Sløtface og BigBang på plakaten i fjellheimen.

Sjå glimt frå Vinjerock i våre reportasjar:

LES OGSÅ

ANNONSE