Eit strukturert kaserneliv var kvardagen til musikaren då han var 20 år.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

– Forsvaret, og dermed me soldatar, var veldig opptekne av det som skjedde i Sovjetunionen på denne tida.

I dag er Aasmund Nordstoga både musikar og bonde. Han har gitt ut seks album og i adventstida har han konserten Lang Desember Natt fleire stader i Noreg. Då han var 20 år var det derimot førstegongstenesta som dominerte.

Det var i 1984, og Nordstoga tenestegjorde verneplikta si i Åsegarden leir utanfor Harstad.

– Det var eit triveleg kaserneliv med fast struktur. Oppstilling kvar morgon, med påfylgjande trenings-, vakt- og vedlikehaldsoppgåver utover dagen. Om det då ikkje var manøver, altså militærøving ute i felt. Eg var sett opp som sjåfør på beltevogn i ein panserverntropp, og hadde stor glede av både køyring og vedlikehaldsoppgåver på køyretøyet.

Kald krig og Flåklypa

Naturleg nok var det den kalde krigen og Sovjetunionen som prega nyheitsbiletet.

– Leiarskapet der var både sjukeleg og aldrande, så etter at Bresjnev døydde kom det to leiarar til som ikkje heldt særleg lenge. Forsvarsberedskapen vende seg mot Sovjet, utan at nokon sa det høgt. Men me visste at me øvde på å slåst mot Den raude arméen.

Den største frykta hans var naturleg nok atomkrig.

Året han fylte 20 var også året Mikhail Gorbatsjov til makta. Det var starten på oppløysinga av Sovjetunionen.

– Kva las du og lytta du til?

Flåklypa Tidende var eit godt innslag i kasernelivet for Aasmund Nordstoga på 80-talet. | Bokomslag: Cappelen Damm

– Eg las “Billy” og “Flåklypa Tidende”! I min klassiske Sony Walkman gjekk Nightclubbing med Grace Jones på repeat.

Kameratskap og Forsvaret

20-årsdagen til Nordstoga var ikkje akkurat den største festen. Han hadde vakt, heile døgnet, på Åsegarden.

Forsvaret gav verkeleg inntrykk på ein ung Aasmund Nordstoga.

– Eg har mange sterke minne frå militærøvingane. Det å greie seg ute midtvinters i telt. Det å kjenne at ein toler
atskilleg meir enn ein trur. Fellesskap og kameratskap.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– Dei viktigaste personane i livet mitt nett dette året, var nok familien heime, sjølv om eg trudde sjølv at det var
kompisane i militæret.

Det gode livet i Vinje

Framtidsplanane var allereie då ganske fastsette. Aasmund Nordstoga visste han skulle bli gardbrukar.

– Eg trudde på eit godt liv i Vinje, og at det før eller seinare måtte dukke opp ei jente som ville vere kjærast med meg.

Aasmund Nordstoga i studio. Foto: Marcel Leliënhof

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Ein gutunge med (litt for) stor respekt for autoritetar.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Stump røyken!