Beste kulturregion etter Oslo

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette viser tal frå Norsk Kulturindeks i 2011. Oversikten er utarbeidd av Telemarksforsking, og har vurdert faktisk kulturbruk i kommune, regionar og fylke. 

  – Eg trur at vi gjer det såpass bra som kulturregion, byggjer på eit historisk grunnlag. Vi har mellom anna vore av dei aller fremste når det kjem til folkekultur. Mykje av identiteten vår, er knytt til det kulturelle, forklarer Arne Vinje, ordførar i Vinje Kommune.

  Kino og kunstnarar

I rapporten har kulturskuledeltaking, bibliotekbruk og scenekunstarrangement vore av faktorane. Med å samle inn tal frå foreiningar, organisasjonar, offentlege register og frå andre offentlege myndigheiter, har Telemarksforsking sett på korleis det står til med kulturlivet i heile Noreg.

Gloppen i Sogn- og Fjordane vart årets kulturkommune, Oslo vart årets kulturregion og Sør-Trøndelag vart årets kulturfylke. 

Sjølv om Oslo slår dei på mellom anna museum, musikk og bibliotekbruk, har Vest-Telemark i forhold til folketalet, både fleire kunstnarar og kulturarbeidarar. Vesttelene er også ivrige på kinofronten, målt etter kinoframsyningar, besøk per innbyggjar i alt og besøk på norske filmar, scorar regionen høgt.  

Akseptert 

Arne Vinje peikar på at kommunane i regionen har satsa aktivt på kulturlivet, og meiner det er naturleg at regionen har mange kunstnarar og andre sysselsette i kulturlivet.

 – Ein vert akseptert som kunstnar her, og ein vert verdsett som for evnene sine. Når det har kome einarar frå regionen, både innan folkekultur og på andre område, er det med å skape kulturell aktivitet i bygdene våre, held ordføraren fram.  

Lyt underhalde seg sjølve

 Frivilligheit er kategorien regionen gjer det aller best på. I rapporten har Telemarksforsking valt å måle frivilligheit, ved å sjå på lokale foreiningar som har søkt om kompensasjon for meirverdiavgift, og ved å sjå på medlemskap i korps og historielag, som har ei høg samla medlemsmasse og som jobbar lokalt. 

  – Frivilligheiten er den aller viktigaste kvaliteten vi har. I heile Vest-Telemark legg mange tusen menneske  ned frivillig innsats, ikkje på vegne av seg sjølve, men på vegne av fellesskapet, seier Vinje. 

 Han trur den breie deltakinga i kulturlivet, mellom anna har samanheng med mangel på profesjonelle arenaer. 

 – Folk er vande med å underhalde seg sjølve. Skal ein få eit tilbod, lyt ein leggje ned ein innsats, avsluttar ordføraren.