Sjekketriks i fjellheimen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Camilla Wolff (28) har kjærast, og var ikkje klar over korleis det kunne tolkast å pakka med seg to grøne topphuer til Vinjerock. Spøkefullt tilbyr ho å låna vekk den eine til si single veninne, Ida Bjørnebye (27).

Dei to jentene kan ikkje skryta på seg tidlegare erfaring med fjelldating, men har god tru på at Vinjerock kan vera ein ideell plass å møta den store kjærleiken (eller ein kortvarig flørt) på.

– Eg tenkjer at folk som reiser hit og bur i telt likar andre som bur i telt. Det er eit bra utgangspunkt for at ein har ein del til felles, seier Camilla.

Dei trur ikkje ein treng nokon spesielt revolusjonerande triks for å sjekka opp nokon i fjellheimen – å sei hei er ein god start, meiner Camilla.

– På fjellet er ein mykje meir open for å snakka med folk ein ikkje kjenner, legg veninna Ida til.

LES OGSÅ: Full pott på speed-date

Alle ingrediensane er på plass
Sondre Feldberg Bakken (25) har trua på at Vinjerock er ein god plass for sjekking og dating.

– Du har alle ingrediensane her. Felles interesser, masse alkohol, bra musikk og telt, seier han.
Anders Aasberg (34) reiser på festival åleine. Han kjenner ein del andre som skal, men har ikkje ein etablert gjeng – han går heller bort til naboen for å eta frukost, og for å bli kjend med nye menneskjer.

– Eg har fått inntrykk av at dette er ein festival for likesinna, seier Anders. Det trur han er gunstig for dating.

Han deler oppfatninga til jentene om at det enkle ofte er det beste når ein sjekkar i fjellet.

– Det er berre å seia hei, og byrja å prata. Ein veit aldri kva som skjer, men det er hyggeleg om det går i boks.

Han peikar bort i fjellheimen og mimrar om sist gong han var på Vinjerock.

– For eit par år sidan låg eg borti heia der og klina. Det er den mest luftige klinedaten eg har hatt, fortel han.

Anders Aasberg har trua på dating på fjellet – og peikar mot området der han sjølv fekk klina litt for to år sidan

Dei grøne huene nærmar seg kvarandre
Julie Forchhammer, festivasjef for Vinjerock, set stor pris på å sjå kor godt publikummet på festivalen kjem overeins.

– Vinjerock har verdas beste publikum. Dei er inkluderande, sosiale og klare for nye kjenningar, både av den vennskaplege og openbart den romantiske sorten. Det er enormt hyggeleg å sjå kor godt folk trivst her oppe, både med gamle og nye vener.

Ho har også merka seg dei grøne huene, som også Den Norske Turistforening (DNT) sørgar for å dela ut til dei som ønskjer det.

– DNT sine grøne singelhuer er også veldig populære her. Utover dagen er det morosamt å sjå grønhuene nærma seg kvarandre, sakte, men sikkert, seier Forchhammer.

LES OGSÅ: Sjekkesuksess på sognamål