Rekordmange vel folkehøgskule
Denne hausten begynte over 7.600 nye elevar på folkehøgskular over heile landet. Det er tredje året på rad med rekordtal.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er eit tydeleg signal til resten av skule-Noreg. Stadig fleire elevar er slitne etter karakterpress på vidaregåande, og seier dei ønsker seg eit annleis år før vidare studiar. Utan både karakterar og eksamenar evner folkehøgskulane å gi elevane lyst og motivasjonen til å lære vidare, seier informasjonsrådgivar for Folkehøgskulane Marit Asheim.
- LES OGSÅ: 10 råd for livet på folkehøgskule
7.640 elevar begynte på dei 80 folkehøgskulane som finst i Noreg i 2017. Det er ein vekst på 2 prosent frå førre skoleår.
– Elevveksten dei siste åra er tydeleg tale frå norske ungdommar: Vi trenger folkehøgskulane! No håper vi også regjeringa synleggjer dette i utforminga av sitt statsbudsjett for 2018, seier Asheim.
Ho opplyser at både KrF, Venstre, SV og Senterpartiet under valkampen i år valkamp lovde å jobbe for auka middel til folkehøgskulane.