Amerikansk talkumprodusent dømt til å betale 4,69 milliardar dollar i erstatning

Snorre Sandemose
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amerikansk talkumprodusent dømt til å betale 4,69 milliardar dollar i erstatning

Dommen har vorte kunngjort av ein jury i Missouri, USA.

Kvinnene og advokaten deira hevdar at bruk av produktet «baby powder» har påført dei eggstokkreft. Seks av dei 22 kvinnene hadde alt døydd av eggstokkreft før rettssaka, fortel El País. 

Johnson & Johnson (J&J) lagar både medisinar og andre apotekprodukt, blant dei det kjende babypulveret. Produktet er eit talkumpulver, som vert utvunne ved gruvedrift. I bergverk med talkumførekomstar plar det òg vera asbest i nærleiken, og sistnemnde er eit svært kreftframkallande stoff. Det kan kome noko asbest i talkumpulver når det vert utvunne frå gruvene.

Men Johnson & Johnson hevdar å ha ein sikker metode for å skilje ut alle asbestpartiklar som måtte vere i talkumpulver dei framstiller, og dei garanterer at produktet deira er heilt trygt å bruke.

Les også: Kan vi stole på kreftforskinga?

Kraftige skuldingar mot legemiddelselskapet

Juryen kom fram til at kvinnene skulle tilkjennast 550 millionar dollar i erstatning for kreften dei har fått. I tillegg får dei 4,14 milliardar dollar i erstatning fordi selskapet ikkje åtvara dei om at talkumpudderet kunne føre til eggstokkreft.

Mark Lanier, advokaten til kvinnene, har gjennom rettssaka skulda J&J for å i meir enn 40 år ha skjult prov på at det eksisterer asbest i produkta deira.

Johnson & Johnson står overfor ein enorm rettsleg strid, meir enn 9000 personar frå heile USA saksøkjer no selskapet.

Les også: Unge kvinner takkar ja til vaksine mot livmorhalskreft

Sprikjande vitskaplege undersøkjingar

Det amerikanske mat- og medisintilsynet (FDA) har gjort ein studie av produktet der dei ikkje fann noko asbest i babypulveret.

Den amerikanske kreftforeininga (ACS) opplyser på si heimeside at det er gjort somme studiar som syner at det kan vere ein liten risiko for at reinsa talkumpulver kan vere kreftframkallande. Men dei viser òg til at fleire studiar ikkje har påvist dette. Når det gjeld undersøkjingane som påviser kreftsamanheng, skriv dei:

«Denne typen studia kan verte ubalanserte av di dei kan byggje på minnet ein person har av bruk av talkum mange år i førevegen.»

Les også: Vidaregåande skuleelevar fekk forske på kreft i skuletida

Johnson & Johnson slår tilbake: – Ein stor konspirasjon

J&J har kunngjort at dei kjem til å anke dommen, som dei seier byggjer på feil. Selskapet har òg kunngjort at dei er klare til å ta opp kampen mot kvar einaste person som saksøkjer dei.

Bart Williams, advokaten til Johnson & Johnson, kallar alle skuldingane mot selskapet for ein stor konpsirasjon.

Han viser òg til at J&J har vore dømt til å betale erstatning til kundar fleire gonger før, men anka og vunne ankesakene kvar gong. Seinast i fjor vart J&J dømt til å betale 417 millionar dollar i erstatning til ei kvinne etter at ho fekk eggstokkreft. “Vitskapen vann fram” seier J&J-advokat Bart Williams om sigeren i ankesakene.

Les også: 95 000 nordmenn kan unngå kreft om alle sluttar å røyke