Kvifor lyner det ikkje i nynorskkommunane?
Lynet er uføreseieleg, men kvifor finst det likevel systematiske skilnader mellom landsdelane?

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvifor lyner det ikkje i nynorskkommunane?
For vêrentusiastar er det berre éin ting å gle seg over i tørken: det sporadiske torevêret, som meteorolog og norsk-grekar Haralampos Sarchosidis (27) er ekspert på.

Haralampos budde på Svalbard ein periode under studia. Foto: privat.
Haralampos byrjar snart som statsmeteorolog i Tromsø, men har fulgt med på atmosfæren over Aust- og Sørlandet sidan han var tenåring. Han har teke mange bilete og lagt ut fleire timelapsar av skyer på YouTube.
Dårleg sommar i Hellas
– Vêret har vore dårlegare i Hellas enn her denne sommaren, med mykje pøsregn og torevêr, seier han på telefon frå Arendal til Framtida.
Denne sommaren har det vore svært varmt og nesten vindstille i store delar av Noreg.
Likevel lyner det hovudsakelig på Austlandet og i indre strøk i sommarhalvåret, også dette.
– Burde det ikkje lyna likt over alt når det er vindstille i heile landet?
– Temperatur er ein viktigare faktor enn vinden for kvifor toreskyene blir danna. Toreskyer trivst i varm og fuktig luft, seier Haralampos.

Nynorskkommunane (t.v.) slepp stort sett unna lyn og tore om sommaren (t.h.). Kjelde t.v.: Lovdata/Kaare-Olav/CC BY-SA 2.0. Kjelde t.h.: lyn.met.no.
Les også: Kvifor er det alltid fint vêr i eksamenstida?
Vestlandet blir sjeldant ordentleg varmt
Vestlandet er halvvegs omringa av hav, slik at det nesten alltid blæs inn litt kald luft om sommaren, sjølv når det er nesten vindstille.
– Så for at Vestlandet skal bli ordentleg varmt, trengst det kan henda ein fønvind frå aust, seier Haralampos. Det er ikkje så vanleg.
– Toreskyene vil føretrekkja Austlandet der temperaturen ofte kjem over 30 gradar. Det er difor det har vore meir tore lenger inn i landet, og ikkje langs kysten der det er kjøligare luft, held han fram.
Finnmarksvidda er òg langt meir utsett for torevêr om sommaren enn Vestlandet.
Les også: Knallvêr i sør og nedbørsrekordar i nord
Lufta høgt oppe viktig for vêret på bakken
Men lynet er trass alt ganske lunefullt. Mange dagar kan det vera varmt, men ikkje torevêr. Kva i lufta er det som avgjer om det blir lyn eller ikkje, anna enn temperaturen nær bakken?

I 2014 blei det registrert over 600 000 lynnedslag, dei fleste truleg på Austlandet om sommaren. Cumulonimbusar som den her er forbundne med lyn. Foto: Haralampos Sarchosidis.
– I fleire veker har me hatt høgtrykk over Noreg som har «verja» oss frå lågtrykka. Høgtrykk tyder stabil atmosfære som gir sol og fint vêr og kan vara i lange periodar, seier Haralampos.
– Men innimellom kjem det lågtrykk som ligg i nærleiken av Noreg, legg han til.
– Dette kan føra til at lufta blir kjøligare i øvre atmosfære, sjølv om vêret kjennest like varmt som før på bakken.

Kald luft i ca 10-15 km oppe over Noreg kan virvla opp torebyer. Kjelde: 2018 GFS Analyses, University at Albany, State University of New York
Haralampos forklarer at resultatet er ein stor temperaturskilnad mellom bakkenivå og øvre atmosfære, og då blir atmosfæren ustabil.
– Sidan varm luft er lettare enn kald luft, vil den varme lufta då stiga frå bakken og opp til høgare lag i atmosfæren der den blir kjølt ned, utdjupar han.
Det er denne stigninga av luft som fører til danninga av toreskyene som ser ut som tårn.
– Desse skyene heiter cumulus og cumulonimbus, forklarer han.
Les også: 2017, eitt av dei våtaste åra nokosinne