2017: Eitt av dei våtaste åra nokosinne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjoråret var prega av fleire store flaumar og ekstremnedbør, og det viser altså også att på statistikken. Relativt våtast var det på Vestlandet, særleg Rogaland, der fleire stasjonar fekk frå 125 til 175 prosent av normalen, opplyser Meteorologisk institutt.

Mest nedbør vart det målt på desse stadane:

* Gullfjellet (Bergen, Hordaland) 5057 millimeter

* Kritle (Etne, Hordaland) 4309 millimeter

* Hundseid i Vikedal (Vindafjord, Rogaland) 4238 millimeter

* Haukeland–Storevatn (Fjaler, Sogn og Fjordane) 4043 millimeter

* Brekke i Sogn (Gulen, Sogn og Fjordane) 3986 millimeter

Største døgnnedbør var 173,1 millimeter og vart målt på Senumstad (Birkenes, Aust-Agder) 1. oktober.

Ein må tilbake til 2011 for å finne eit våtare år for landet som heilskap. Det året var nedbøren på 130 prosent av normalen, noko som er det høgste sidan målingsserien starta i 1900.

Det tørraste året var 1915, med 75 prosent av normalen.

Varmt år

Fjoråret var også relativt varmt, med ein gjennomsnittstemperatur på 1,1 grad over normalen. Sidan 1900 er dette det 20. varmaste året, ifølgje Meteorologisk institutt.

Relativt varmast var det på enkelte stasjonar i indre strøk av Austlandet med omkring 2 graders avvik.

Sigdal i Nedre Eggedal i Buskerud hadde den høgste temperaturen – 31,8 grader 27. mai. Den lågaste temperaturen vart målt 4. januar i Kautokeino og var på -42,4 grader.
2014 var varmast

På desse stadene hadde ein den høgste gjennomsnittstemperaturen i året som gjekk:

* Snittemperatur: 8,9 °C: Lindesnes fyr (Vest-Agder), Kvitsøy–Nordbø (Rogaland) og Ytterøyane fyr (Flora, Sogn og Fjordane).

* Snittemperatur: 8,8 °C: Færder fyr (Tjøme, Vestfold), Oksøy fyr (Kristiansand, Vest-Agder), Lista fyr (Farsund, Vest-Agder), Slåtterøy fyr (Bømlo, Hordaland) og Røvær (Haugesund, Rogaland)

* Snittemperatur: 8,7 °C: Utsira fyr (Rogaland), Fedje (Hordaland), Haugesund lufthamn (Karmøy, Rogaland) og Torungen fyr (Arendal, Aust-Agder)

Sidan 1900 er det 2014 som har vore det varmaste året, då temperaturen var på 2,2 grader over normalen. Kaldast var det i 1915, med 1,7 °C under normalen.

(©NPK)