Knallvêr i sør og nedbørsrekordar i nord

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag la vi bak oss ein månad med store vêrkontrastar i Noreg. Vakthavande meteorolog John Smits ved Meteorologisk institutt summerer opp den første delen av sommaren slik:

– Det har vore kjempekontrastar. Juni var varm, tørr og fin sør i landet, mens nord i landet var det kjøleg, vått og lite sol. I nord har dei hatt ein skikkeleg møkkajuni – den dårlegaste på mange år. Det spesielle er at det er blitt registrert vêrmålingar utover normalen både i sør og nord.

Les også: Kvifor er det alltid så fint ver når det er eksamen?

Ny nedbørsrekord i Tromsø

Det er spesielt Nordland og Troms som har slite med det verste vêret i juni. I Tromsø er det sett nye rekordar både når det gjeld nedbør og timar med sol. Det vart målt 133 millimeter nedbør i Tromsø i juni, noko som slo den gamle botnnmålinga på 122 millimeter frå 1961 med god margin. I tillegg vart det berre målt til saman 58 timar med sol. Den førre botnmålinga var på 96 timar i 2006.

– Det er ikkje berre Tromsø som har slite med vêret. Vi har registrert nedbørsrekord for juni fleire stadar i Troms og Nordland. Blant anna i Andenes, Bardufoss og Harstad, opplyser Smits, men påpeikar at det begynner å lysne. – Ei lita stund iallfall.

– I Troms er dei i full gang med å telje soltimar igjen. Det verkar derimot ikkje så stabilt. Allereie tysdag denne veka begynner usikkerheita på nytt med eit forventa lågtrykk.

Les også: 2017: Eitt av dei våtaste åra nokosinne

Strålande i sør

Overgangsområdet mellom sør og nord har vore omtrent rundt Nordmøre.

– I dei varmaste områda sørover er det fleire stadar som har lege rundt tre grader over normalen for juni. Jamt over har det vore varmegrader på 20-talet, men fleire stadar har vi notert ein god del dagar over 30 varmegrader, seier Smits.

Varmaste måling i juni var på 33,8 grader i Nedre Eggedal i Sigdal kommune i Buskerud. Det ser heller ikkje ut til at finvêret vil gi seg i sør. I Bergen er det meldt sol fram til midten av veka, mens i Oslo-området er det ikkje ei sky i sikte på langtidsvarselet.

Les også: Snø eller ikkje snø?