Ny app gjev turgåarar høve til å verte klimaforskarar
Med ein app med seg ut på tur får folk høve til å registrere klimaendringar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny app gjev turgåarar høve til å verte klimaforskarar
Vi veit lite om korleis norsk natur vil sjå ut i framtida. Men no har Den Norske Turistforening og Naturhistorisk museum i Oslo lansert ein app der alle kan vere med å forske på korleis skogen over tid trekkjer seg oppover i terrenget.
Det skriv Sogn Avis.
Les også: Me har fått Ivar Aasen til å smila med FaceApp
Dei øvste trea i landskapet skal registrerast
– Ved å lasta ned og ta med appen «Natur i endring» på tur, kan du registrere dei aller øvste trea du finn i landskapet. På nettsida naturiendring.no kan du følgje med på kva som vert registrert rundt om i landet og også sjå kvar dei øvste funna er gjort i kvart fylke, seier Anders Bryn, førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum i Oslo (NHM) til avisa.
– I takt med at temperaturen stig trekkjer skogen seg oppover. Område som i dag ikkje er dekt av skog, kjem til å bli det, seier Marino Ask, styreleiar i DNT Sogn og Fjordane til avisa.
Les også: Microsoft-selskap lanserte mobiltastatur med nynorsk rettskriving