Gjett kva mobiltastaturet føreslo som neste ord då Jørgen (27) skreiv «Ivar»!

mm

«Endeleg! Mobiltastatur på nynorsk», skreiv Framtida tidlegare i månaden då Microsoft-selskapet SwiftKey annonserte at dei skulle lansera mobiltastatur med nynorsk rettskriving for Android-telefonar. Sist veke blei tilbodet endeleg lansert for alle som bruker den populære tastatur-appen.

Så vidt me veit, er det ingen andre mobiltastatur med støtte for nynorsk på marknaden. Dei første brukarane er både glade for tilbodet og nøgde med funksjonaliteten i SwiftKey.

Konstant irritasjon med bokmål
– Eg har irritert meg lenge over at autokorrekturen berre finst på bokmål, seier Jørgen Eriksson Midtbø, som har tatt appen i bruk. Han er doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Oslo, og brukar både nynorsk og bokmål når han skriv.

– I alle tastatura eg har prøvd før er det knotete å «oppdra» tastaturet med nynorske ord, så eg har stort sett enda med å tilbakestilla rettinga til bokmål som tastaturet gjer, kvar gong eg skriv eit nynorsk ord. Det har vore eit lite, men konstant irritasjonsmoment, seier han.

LES OGSÅ: Oslo-elevar byter til nynorsk. Han ville finna ut kvifor

– Skikkeleg nøgd
Jørgen fortel at han måtte lasta ned beta-versjonen med det same då han las i Framtida at det var kome støtte for nynorsk.

– Eg vart rett og slett skikkeleg nøgd, både med rettskrivinga og med funksjonaliteten til Swiftkey, som eg ikkje hadde prøvd før, seier han etter å ha testa appen.

– Det som gjer det ekstra praktisk er at det har støtte for fleire språk samstundes, slik at eg som «tospråkleg» kan bytte på bokmål og nynorsk, og til og med engelsk, utan å endre innstillingane, og det funkar faktisk saumlaust.

LES OGSÅ: Årets beste teikneserie er på nynorsk

Slik får du nynorsk autokorrektur:
Tilbodet er førebels berre tilgjengeleg for Android-telefonar, ikkje til dømes iPhone. For å få nynorsk-tastaturet, må du først lasta ned SwiftKey-appen på Play Store og gi han løyve til å ta over for det førehandsinstallerte tastaturet på telefonen.

Så må du lasta ned nynorske språkinnstillingar frå den lange lista av språk som er tilgjengelege inne i appen, og velja nynorsk som ditt språk. Du kan også leggja inn fleire språk samstundes, og byta mellom dei når du skriv. Både appen og språkpakkane er gratis.

Føreslo «Aasen»
Når du bruker appen, kan han mellom anna retta deg medan du skriv og føreseia kva det neste orda du skal skriva er. Testkøyringa til Jørgen tyder på at dei som utvikla appen veit kven nynorskbrukarane aller helst vil skriva om:

– Eg prøvde til og med å skriva Ivar, og tastaturet føreslo Aasen som neste ord!

Les intervju med California-dama som var med på å gi deg mobiltastaturet på nynorsk: – Brukar norsk for å sjokkera!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE