Fotballbaner som nyttar gummigranulat, små svarte gummikuler, er den nest største kjelda til utslepp av mikroplast i Noreg. Kvart år blir minst 1.500 tonn gummigranulat spreidd frå kunstgrasbaner og ut i naturen, fortel Miljødirektoratet.
– Mange idrettsklubbar gjer alt ein innsats for å hindre utslepp av mikroplast, men meir må gjerast. Det er mogleg å redusere utsleppa med opp mot 98 prosent frå slike baner, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.
Les også: Idrettsklubb investerer for å hindre spreiing av mikroplast
Vil ha fysiske barrierar rundt banene
Direktoratet foreslår no ei forskrift som gir klarare reglar for kva som må gjerast for å unngå at gummikulene kjem på avvege. Eitt av forslaga i forskrifta er krav om ein fysisk barriere rundt bana.
– Tiltaket er effektivt, men kan bli kostbart å gjennomføre, seier Hambro.
Miljødirektoratet foreslår også at snøen frå kunstgrasbaner ikkje skal lagrast utanfor banene, men på delar av bana eller i eigne snødeponi som sikrar at kulene ikkje forsvinn.
Miljødirektoratet veit ikkje kor mange av banene som i dag heilt eller delvis tilfredsstiller krava som blir vurderte i den nye forskrifta.
Forslaget til forskrift er sendt til Klima- og miljødepartementet og blir sendt på høyring til hausten.
Les også: Slik vil Natur og Ungdom setja fart på kampen mot plast