Slik vil Natur og Ungdom setja fart på kampen mot plast

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landstyret til Natur og Ungdom krev at regjeringa innfører effektive tiltak for å redusera plastbruken og for å rydda opp i plasten som er i naturen.

Gaute Eiterjord er leiar i Natur og ungdom. Foto: Eirin Torgersen/Natur og Ungdom

– Vi kan rydda strender langt ut i æva, men dersom vi skal få bukt med plastproblemet treng vi meir langsiktige tiltak, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Ventar på konkrete tiltak frå regjeringa

I dag er det berre 5 prosent av all plasten som vert resirkulert til nye produkt medan 1/3 av all plasten hamnar i naturen.

– Vi må endra måten vi tenkjer på emballasje, og skal vi klara det treng vi regjeringa med på laget. Solberg har lova pengar, no ventar vi på konkrete tiltak, held fram Eiterjord.

Landsstyret i Natur og Ungdom kjem med ei rekkje konkrete tiltak mot plastforsøplinga som saman skal føra til redusert etterspurnad, forureining og produksjon av plast.

LES OGSÅ: Plast er den viktigaste miljøsaka for nordmenn

Her er nokre av krava til Natur og Ungdom:

  • Spesielt forsøplande plastprodukt, unødvendig eingongsplast og mikroplast i kosmetikk må bli forbode.
  • Bereposar av plast må fasast ut
  • Styresmaktene må kreve at plastprodusentar bruker resirkulert plast. Produkta må utformast slik at dei har lenger levetid og kan reparerast og gjenvinnast til nye plastprodukt.
  • Nyprodusert plast må ileggast avgift for å drive fram miljøvenlege alternativ. Det må innførast klimaavgifter for å redusera bruken av fossile råvarer i plastproduksjon. Dette må skje i kombinasjon med miljøkrav til dei fornybare råvarene.
  • Det må innførast ei forskrift som avgrensar det totale volum av emballasje. Vidare må plast som er vanskeleg å resirkulere, til dømes svart plast, ikkje lenger kunne brukast som emballasje.
  • Panten på flasker må aukast til minst 5 kroner. Det må innførast pant på fleire typar emballasje, samt eingongsgrillar. Regjeringa må arbeide for eit felles nordisk pantesystem
  • Det må stillast krav til avfallsbransjen om å erstatte plastposar som emballasje for hushaldningsavfall.
  • Alle kommunar i Noreg må ha kjeldesortering
  • Ordningane for mottak av skipsavfall må styrkast. Det må etablerast eit system der fiskarar kan levera avfall vederlagsfritt i hamn og på bunkringsplassar.
  • Det må setjast inn restriktive tiltak på bil for å redusera mikroplastforureininga frå vegtrafikken
  • Det må innførast krav til oppsamling av mikroplast frå vaskemaskiner, avløp, kunstgrasbanar og veganlegg
  • Midla til opprydding og frivillig innsats må aukast. Kommunane må gjere det gratis å levera avfall frå strandryddeaksjonar
  • Noreg må internasjonalt bidra til at ein får system for innsamling og gjenvinning av avfall, særleg i raskt veksande økonomiar

LES OGSÅ: Plastfri for ein dag – slik gjekk det når me forsøkte