Elevar har laga løysing for å hindre spreiing av mikroplast – idrettsklubb vil investere

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi fekk eit skikkeleg kick og lyst til å halde fram med prosjektet, seier Casper Kristoffersen, markandsansvarleg i ungdomsbedrifta Safe Turf, etter å ha vunne berekraftprisen under NM for ungdomsbedrifter.

Casper Kristoffersen, May Renate Sletvold, Nora Nordvik, Hedda Wasskog Aamo, Christina Nøstvold og Solveig Svaasand Brunsvik er elevar ved entreprenørlinja på Thora Storm vidaregåande skule i Trondheim. Dei har skapt eit produkt som skal ta hand om eit stort miljøproblem.

Tusenvis av tonn forsvinn

Kunstgrasbaner som blir brukt om vinteren har ofte høgt tap av granulat. Med løysinga til SafeTurf blir snøen brøytt til oppå ei rist med eit sorteringssystem under. Illustrasjon: Safe Turf

Granulat, dei små svarte gummikulene på kunstgrasbanene, kan ifølge ein rapport frå 2016 vere den andre største utsleppskjelda av mikroplast til miljøet. Kvar enkelt kunstgrasbane kan ha opptil hundre tonn granulat, og årleg må det etterfyllast opp mot ti tonn.

– Det blir ein del tonn når det er 1655 kunstgrasbaner i landet, seier Kristoffersen.

I jurien si grunngjeving står det at elevane kan ha løyst eit viktig problem. Dei peikar på at Safe Turf allereie har knytt kontaktar som kan vere avgjerande for saman å løyse problemstillinga. Juryen trur løysinga kan fungere både lokalt, nasjonalt og globalt.

Samarbeidet med næringsliv og andre aktørar ser ut til å lønne seg.

– Utleira idrettslag har sagt at dei vil ha eit pilotprosjekt, og så håpar vi å gå over til fullskala etterpå. Det er ekstremt moro, seier Kristoffersen, som nyleg var i møte med klubben.

Vil vere sparringspartnar

Stortinget har bestemt at alle kunstgrasbaner skal ha tiltak mot svinn av granulat innan 1. januar neste år. Pål Wahl, dagleg leiar i Utleira, er oppglødd over elevane sitt forslag:

Når snøen smeltar hamnar granulata i behaldaren, medan vatnet renn vidare. Større ting som stein og kvist blir fanga av ei rist ovanfor. Illustrasjon: Safe Turf

– Vi ser på mange ulike løysingar for korleis vi kan halde gummien der den skal vere, og vi synest Safe Turf har eit veldig spennande prosjekt. Det er fantastisk at unge menneske er framtidsretta og vil gjere ein skilnad, seier han.

Wahl er opptatt av å finne måtar å gjere løysinga billegare, slik at ho kan nyttast av så mange som mogleg.

– I går konkluderte vi vel med at ideen ikkje er heilt ferdig. Prisen må ned, og vi må passe på at det ikkje går med for mykje areal som skal brukast til idrettsaktivitetar. Vi sit med brukarkompetanse og vil gjerne vere sparringspartnar. Og så har eit område her som det går an å teste ein prototype på, og nokre midlar tilgjengeleg til å investere, seier Wahl.

Her vert granulata løfta ut etter å ha blitt sortert i ristsystemet. Illustrasjon: Safe Turf

Kan halvvere problemet

Elevane har funne ut at nær halvparten av granulata som forsvinn, gjer det som følge av snøbrøyting. Kulene hamnar i haugar utanfor bana, og forsvinn vidare med vatn eller vind.

Ved å lage ei grav med rister som fangar sorterer granulata frå stein og kvist, samtidig som vatnet får drenere ut bana sitt dreneringsanlegg, kan ein fange opp granulata og bruke dei om att.

GODT RUSTA: Elevane i Safe Turf går i andre klasse ved Thora Storm vgs. i Trondheim. Casper Kristoffersen meiner entreprenørskapslinja er ein unik moglegheit som fleire burde få. – Du får erfaringar ein berre kan drøyme om, seier han. Foto: Safe Turf

Om systemet blir så effektivt som elevane håpar, kan dei halvvere problemet med granulatsvinn. I tillegg har dei jobba med eit konsept for å handtere granulat som hamnar i garderobane etter kamp.

– Kva vil noko slikt koste?

– Det er det vi er spente på no. Vi er i gang med å ta kontakt med ein ingeniør som kan legge siste finpuss på konstruksjonen. Mellom anna må vi vurdere om det skal vere varme i anlegget, for å fjerne problemet med at det blir for mykje snø.