Fire ting du ikkje visste om Rwanda

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 18.07.2018 00:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Rwanda er tryggare enn Sverige

I følgje Verdas økonomiske forum (WEF) er Rwanda det 9. tryggaste landet i verda. Noreg ligg på 6. plass, medan Sverige  er rangert som nr. 16. Storbritannia derimot, er rangert som nr. 63.

Kanskje dette kunne vore med på timeplanen når ein lærer om folkemordet som skjedde i 1994. Mykje har skjedd sidan den gong.

2. Rwanda var det første landet i verda til å forby plastposar

I 2008 innførte Rwanda eit forbod mot plastposar. Sidan har Afrika klart blitt det leiande kontinentet når det kjem til plastposeforbod, men Rwanda er eit av landa der lova fungerer ekstremt godt i praksis.

Det har mellom anna hindra farlege flodar som betyr at forbodet reddar liv. Det har også ført til stor økonomisk vekst, og til at hovudstaden Kigali er ein av dei reinaste byane i verda.

Utsikt over Kigali, hovudstaden i Rwanda. Foto: IFPRI -IMAGES / Flickr / CC BY-NC-ND 2.0

3. Rwanda bytta ut fransk med engelsk over natta

Rwanda var i fleire tiår eit av om lag 30 frankofone afrikanske land. Men i 2008 bestemte dei at all undervisning skulle foregå på engelsk i staden for fransk. Motivasjonen var at engelsk er eit større globalt språk, som Rwanda ville tene på økonomisk.

Det var også eit naturleg følgje til at Rwanda blei med i det austafrikanske fellesskapet. Innføringa av engelsk har gjort det populært for ugandarar å flytte til Rwanda for å undervise i skulen.

4. President Kagame vann valet for tredje gong i 2017

Paul Kagame har vore president i Rwanda sidan 2000. I år er altså hans 18. år i presidentsetet. Då han vann valet i fjor, vart han valt for ein periode på sju år.

Han er opptatt av internett og sosiale medium, som han ser på som verktøy for demokrati, utvikling og kamp mot fattigdom. Kagame var ein av dei første afrikanske leiarane som vart aktiv på sosiale medium som Twitter, Facebook og Instagram.