Tromsø skal bli Noregs første plastfrie kommune

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 28.06.2018 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tromsø er bygd på det havet har å gje, og vi skal endå leve av havet. Då kan vi ikkje sittte passive til ein av vår tids største utfordringar, seier ordførar i Tromsø Kristin Røymo.

Ho har lansert ein visjon om å bli den første plastfrie kommunen i landet. Røymo fortel at dei allereie har fjerna eingongsbestikk frå kantinene og innført optisk kjeldesortering i lys av denne visjonen.

Her engasjerer Kristin Røymo skuleelevar til å teikne designet på eit handlenett Tromsø kommune skal dele ut med boskap om å kutte ut plast. Foto: Robert Greiner

– Heile verda er for seint ute

I Tromsø kommune har dei sett at marin forsøpling, og då særleg plast, i stor grad kjem frå eigne område.

Difor starta dei før jul med å invitere ulike miljø, føretak og organisasjonar til å jobbe for å ta tak i plastproblemet. Gjennom å bidra med god avfallshandtering og haldningsendrande arbeid skal så mange som mogleg arbeide mot visjonen  «Tromsø som plastfri by».

Røymo meiner at heile verda er for seint ute, men at dei iallfall har starta på noko ho ser på som ein lang men viktig veg. Ho ser at innovasjon gjev nye løysingar og at medvitet rundt problematikken aukar, og meiner det finst håp.

– Vi kan ikkje løyse dette åleine, vi må løyse det saman. Og dét skal Tromsø kommune bidra til. Eg vel å vera optimist, seier ho.

Fleire plukkar plast

Mange har engasjert seg i plastsaka og vore med på å plukke søppel der dei bur. Arrangement som Strandryddedagen og Heile Norge ryddar er døme på dette.

– Likevel treng vi kommunale og nasjonale løysingar på plastproblemet, meiner Naturvernforbundet.

Silje Lundberg er leiar i organisasjonen og meiner det er viktig med pakkeløysingar som alle kommunar lett kan ta i bruk for å redusere plastbruken.

Kommunane må kutte ut eingongsplast

–  Men kommunane treng på ingen måte å vente på denne hjelpa, held ho fram. Det finst enkle tiltak dei kan starte med i dag, seier ho, og kjem med eksempel:

–  Dei kan kvitte seg med eingongsplast i kommunale verksemder, og lage miljøvennlege innkjøpsordningar.

Ho fortel at den største kjelda til mikroplast er bildekk, og at kommunane difor må ta tak i både den private bilismen og kommunal køyring. Det er også vesentleg for klimarekneskapet.

Lundberg synst det er svært viktig at kommunar vert meir bevisste på plastbruken sin og håpar fleire vil følgje Tromsø kommune.

Remiks meiner det viktigaste er å handtere plasten

Ivar Sture Handeland frå Remiks meiner det er eit flott initiativ, men at det viktigaste er å handtere plasten.

Her visar informasjonsansvarleg i Remiks, Ivar Sture Handeland, innholdet i dei blå posane for plastemballasje. Svært godt sortert. Foto: Ole Åsheim/Nordlys Lab

Remiks er eit avfallsselskap for Tromsø og Karlsøy kommune. Ivar Sture Handeland er informasjonsansvarleg for selskapet.

Avfall er ein ressurs

– Vi treng eit system som gjer at plast ikkje hamnar i naturen. Gjenbruk er eit mykje enklare tiltak. Det er vanskeleg å redusere avfall, men vi må hugse på at avfall kan vere ein ressurs.

I Tromsø kommune er det kun fire prosent av avfallet som går til deponi. Dei har hatt kjeldesortering sidan 2006, og er sjokkerte over at kun to av tre kommunar kjeldesorterer plastavfallet.

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at 116 av 426 kommunar ikkje har tilbod om plastsortering.

Handeland er opptatt av sirkulær økonomi og fortel engasjert om avfallspyramiden. Mantraet er at avfall er ein ressurs.

Henta frå RENANS, Noregs leiande EE-returselskap

– Først må ein sette inn tiltak for at det oppstår meir avfall. Forbod mot plast er eit døme på dette. Vidare kjem gjenbruk, som er eit enkelt tiltak vi kan bruke meir av. Nummer tre er kjeldesortering, og nummer fire er energiutnytting.

– Deponi kjem til slutt, og det skal vi ha minst mogleg av. Vi i Remiks jobbar for å bli endå flinkare på materialgjennvinning, som hovdusakleg handlar om å kjeldesortere, seier han.