Ynskjer å tvinge gjennom snusdåsepant

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 13.07.2018 14:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil tvinge gjennom snusdåsepant

Grøn Ungdom har sendt ei pressemelding der det går fram at dei vil ha pant på snusdåsar i Noreg.

Tidlegare i sumar har det kome fram at eit av snusselskapa på den norske marknaden, Swedish Match, også ynskjer at det skal kome på plass ei slik panteordning.

Framtida.no tok kontakt med Grøn Ungdom for å høyre kvifor dei vil ha pant på boksane.

Les også: Ølglasa frå Øyafestivalen blir kompost i Sogndal. 

30 millionar snusdåsar per år

Ola Eian, ein av dei to nasjonale talspersonane til ungdomspartiet, syner til at det i Noreg vert kjøpt heile 30 millionar snusdåsar over disk kvart år.

– Eg trur dei fleste tomme boksane hamnar i søppelet. Men eg finn snusboksar i veggrøfter og i fjøra, so det er tydeleg at her trengst det ekstra oppmuntring (til å ikkje hive dåsane ifrå seg i naturen).

– Kor høg pantesats ynskjer de å setja per boks?

– Me ynskjer at alle småflasker skal ha fem kroner i pant, so kanskje snusboksen burde ha ein pant på ti kroner, i alle fall fem, svarar Eian.

Han legg til at dei ikkje har diskutert pantesatsen enno i organisasjonen.

Les også: Spar miljøet og samvitet. Byt klede

– Kan få energi av å brenne celloar

Det er ikkje berre for å hindre at plastdåsane hamnar i skog og sjø at Grøn Ungdom ynskjer panteordninga.

– Plast er eit ganske fantastisk materiale som me kan nytte til mykje. Det er ein stor feil å tenkje at tom plastemballasje er søppel det berre er å kaste. Søppel er ressursar på avvege. I eit sirkulært system må ressursane samlast inn og brukast på nytt.

– Men kvifor ikkje heller la boksane gå i restavfallet, som gjev oss energi?

– Me kan få energi dersom me brenn opp celloar og fiolinar òg. Men eg synest ikkje det er ein god idé å brenne verdfulle materiale som bør gjenbrukast, svarer Eian.

Les også: Gamle mobilar gull verdt

Snusdåsane byd på unik sjanse

Eian seier at MDG ynskjer seg pant på fleire typar tomgods. Han trur snusdåsar er blant produkta som høver særskilt godt for pant.

– Salet av snus i Noreg er gjennomregulert, difor vil det vere lett å få til ei standardisering slik at boksane enkelt kan takast i mot av ein panteautomat, seier Eian.

Han får støtte frå Simen Knudsen i Æra, eit Oslo-selskap som jobbar med å løyse samfunnsproblem.

– Snusboksane i Noreg har unik form og farge, det byd på eit godt høve til å teste ut ei anna form for attvinning.

Som Eian, trur Knudsen at panteautomatar bør kunne klare å skilje snusdåsar frå flasker.

Les også: Sju av ti gjev klede til gjenbruk

– Snusboksar hamnar lett på avvege

Knudsen trur at folk treng eit ekstra tildriv for å attvinne snusdåsane.

– Snusboksar er eit på farten-produkt som lett hamnar på avvege, ettersom dei gjerne vert konsumerte utanfor heimen, seier Knudsen.

Med «på avvege» meiner han dåsar som ikkje går til materialattvinning, men som i staden hamnar i naturen eller går i restavfallet til forbrenning.

– Systemet me har i dag maktar ikkje å halde snusboksene i ein lukka sirkel, og då er det interessant å utforske nye løysingar, seier Knudsen.

Les også: Med nynorsk på resirkulerte skjorter