Nordmenn diggar gjenbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sju av ti gjev klede til gjenbruk

I ei ny undersøking har Elfa, som er produsent av oppbevaringsløysingar, blant anna sett på nordiske klesvanar. Når 70 prosent av oss gir gamle og ubrukte klede nytt liv, er vi nest best i Norden etter danskane, der 76 prosent gjer det same. I Sverige og Finland sender høvesvis 65 og 52 prosent klede til gjenbruk. At gjenbruk fenger, kan Fretex bekrefte:

– Frå 2013 til 2014 hadde vi ein kraftig auke i talet på kilo innsendt tøy. I fjor kom det fleire aktørar på marknaden, og ikkje minst var det store organiserte innsamlingar av klede og sko til flyktningar, så vi kunne venta at vi fekk inn mindre av den grunn. Men vi hadde faktisk ein auke også frå 2014 til 2015, seier konsernsjef og dagleg leiar Trond Ivar Vestre i Fretex Norge AS til NTB.

LES OGSÅ: Motebloggaren som slutta å shoppe

Kastar mykje
Vestre er nøgd med utviklinga, men minner om at vi framleis kastar 6– 8 kilo klede og sko i snitt i året:

– Vi jobbar med løysingar for å få redusert det med minst 50 prosent.

Ifølge Elfas «Storage Report», ei årleg undersøking gjennomført blant nærare 4.000 nordmenn, svenskar, danskar og finnar, svarar 15 prosent nordmenn at dei kastar klede. I Danmark svarar 12 prosent det same, mens 19 og 21 prosent i Sverige og Finland seier dei hiv ubrukt og slite tøy.

– Mange vil vel, men kastar framleis mykje fordi dei trur det ikkje er bra nok for sal og gjenbruk. Der har vi ein jobb å gjere, seier Vestre i Fretex.

– Men er det ikkje slik at vi berre skal levere inn heile klede, utan hol, og kaste sko, undertøy, strømpebukser og sokkar?

– Mange trur det. Men vi ønsker at folk leverer inn alt, så kan vi ta vurderinga om det går til gjenbruk eller gjenvinning. Mykje kan bli ny tråd og nye produkt som filleryer eller vaskefiller. Vi er berre i starten av å finne ut alle gjenbruksområde, seier Vestre.

LES OGSÅ: Gamle mobilar er gull verd

Finn på FINN
Tysdag la nettstaden FINN.no fram tal for blant anna sal og kjøp av brukte klede og sko. Klede, kosmetikk og accessoirer er den kategorien som veks mest målt i talet på annonsar, med over 680.000 annonsar i fjor. Damesko er den mest populære salsvara.

– Vi syns det er veldig gøy at så mange har fått auga opp for å kjøpe og selje brukt, seier PR-og informasjonsansvarleg Kristine Eia Kirkholm i FINN.no

Ho trur det er meir enn klimasamvet som gjer at folk brukar nettenester for gjenbruk:

– Det er lett å søke seg fram til ting ein er på jakt etter. Samtidig slepp ein å leite seg gjennom mykje ein ikkje er interessert i, det er berre å sjå på bileta og bla seg vidare. I tillegg kan ein gjere det når ein har tid, enten i sofaen med PC-en eller på bussen med mobilen.

Finn ser også at fleire legg ut klede og sko gratis, noko som kan tyde på at nordmenn har oppdaga at dette er ein effektiv måte å rydde på.

– Ein treng ikkje ein gong å forlate huset for å gi det bort, dei som er interesserte kjem heim til deg for å hente det dei er på jakt etter. (©NPK)

LES OGSÅ: Klede er aldri boss