Dei aller fleste festivalane som går av stabelen i tida framover har ingen ledige billettar igjen.
Det sveitsiske firmaet Viagogo skiltar derimot med billettar til mange av festivalane, som ifølgje dei offisielle arrangørane er utselde.
Les også: Ølglasa frå Øyafestivalen blir kompost i Sogndal
– I strid med lova
Både Forbrukartilsynet og Forbrukarrådet har i det siste fått meldingar frå folk som har kjøpt overprisa billettar gjennom nettsida. Sjølv om dei har betalt i dyre dommar, risikerer dei å ikkje komme inn på festivalen dei har kjøpt billett til.
– Vi åtvarar forbrukarar mot å kjøpe billettar frå Viagogo eller andre svartebørsseljarar. Faren for at du kan bli lurt er stor dersom du kjøper frå andre enn den offisielle arrangøren, seier nestleiar i Forbrukartilsynet Bente Øverli, på tilsynet sine nettsider.
Viagogo sel billettar til arrangement i Noreg i strid med den norske svartebørslova. Forbrukartilsynet kan gripe inn mot norske firma som bryt lova, men har avgrensa styresmakt til å gripe inn overfor Viagogo.
Les også: Korleis skal me lytta til klassisk musikk?