Korleis skal me lytta til klassisk musikk?

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 29.06.2018 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis skal me lytta til klassisk musikk?

Bringeland er busett i Leipzig i Tyskland, men jobbar som klassiskmeldar i Dag og Tid og er stipendiat ved Senter for Griegforsking i Bergen. Han veit godt korleis nybyrjarar kan få meir glede av klassisk musikk.

– Før du skal på konsert, kan det kan vera lurt å lytta til verket på Youtube og sjå om det står noko på Wikipedia om du ynskjer å bli klok på musikken. For det er mykje å forstå her, og dei gir ikkje alltid like gode programhefte i døra.

Sjur Haga Bringeland blir òg trøytt på konsert av og til. Foto: Gjert Vestrheim.

Treng ikkje vera ekspert

Klassisk musikk er meir meiningsladd enn t.d. popmusikk, men det går sjølvsagt an å lytta berre for å nyta. Ein kan fint ha glede av eit verk utan lang erfaring med sjangeren.

– Går du inn i ei gamal italiensk kyrkje bygd med perfekte matematiske proporsjonar, merkar du instinktivt at det stemmer, sjølv om du kanskje ikkje er ekspert på arkitektur. Slik er det òg med ein del klassisk musikk, og dei største genia i denne samanhengen er Johann Sebastian Bach og Wolfgang Amadeus Mozart. Musikken deira når ut til alle.

Samstundes har mange av oss har gått og høyrd til dømes ein strykekvartett, og funne seansen merkeleg svevndyssande. Er det noko særskilt trøyttande med klassisk musikk? Ekspertar er iallfall ikkje noko betre enn lekfolk, skal me tru Bringeland.

– Eg prøver å halda meg vaken, men av og til får eg lyst til å ta ein blund om det er veldig keisamt. For nokre veker sidan såg eg ein kjend norsk kritikar sova gjennom ein halv konsert. Men dette er ikkje berre opp til oss tilskodarar; utøvarane har òg eit ansvar for å spela engasjerande.

Wolfgang Amadeus Mozart kan treffa kven som helst. Foto: misterfarmer/CC-lisens

Smart-telefonar gjer oss meir urolege

Går du på klassisk konsert, kjem du truleg til å dra ned snittalderen kraftig. Det er grått hår i alle retningar, og du lurer på om ein må ha opplevd krigen for å vera med. Kvar blei det av dei under 70?

– Yngre folk i dag er ikkje vane med å setja seg ned og berre lytta i halvannan time. Smart-telefonar får oss til å byte fokus heile tida og gjer det vanskelegare å konsentrera seg om éin ting i meir enn fem minuttar.

Kammermusikk enklare for nybyrjarar

Heldigvis finst det forskjellige typar klassisk musikk, og nokre er meir tilgjengelege for nybyrjarar enn andre. Wagner-operaer er det mest krevjande å høyra på; dei kan vara opp til 15 timar og handlar gjerne om obskure mytiske figurar. På den andre sida finn me kammermusikken, som er meint for mindre rom.

– Fordelen med kammermusikk er at den framførast i ein meir intim sfære, slik at ein får kjensla av å vera på teater. Ein kan kikka på andletet til utøvarane, høyra korleis dei pustar og sjå korleis dei nyttar heile kroppen. Det lune formatet kan vera ein døropnar for mange. Wagner-opera er seige saker, nesten som å springa maraton, og sjølv kritikarar kan slita med å koma seg gjennom slikt. Samstundes kan det vera stort sjølv for nybyrjarar å oppleva ein symfoni med 120 mann i orkesteret, og berre skoda over scena med trompetar på den eine sida og kontrabassar på den andre.