Svindlarar går etter studentar på bustadjakt
Studiestarten er like om hjørnet, og kampen om utleigebustadene er i full gong. På sosiale medium utnyttar svindlarar unge menneske utan erfaring.
Ei ny undersøking Norstat har gjort for Frende viser at unge vaksne er klart mest bekymra for falske utleigeannonsar. 11 prosent av nordmenn totalt seier at dei fryktar denne typen svindel. I gruppa mellom 18 og 29 år, typisk studiealder, er éin av fire stressa for utleigesvindel.
I fjor brukte svindlarar ofte falske profilar og falske bustadannonsar som dei la ut sjølv.
– Ofte med ein pris som kjennest for god til å vera sann, med stolne bilete frå gamle bustadannonsar på Finn, seier eksperten.
Det skjer også i år, men no dukkar svindlarane oftare opp i kommentarfeltet under ekte bustadannonsar og innlegg.
– Dei prøver å få deg til å ta kontakt med dei på e-post eller meldingar utanfor plattforma. Når du kontaktar dei får du gjerne servert ei historie om at utleigar er i utlandet, at visning ikkje er mogleg, eller at du må betala depositum raskt for å sikra bustaden. Dei prøver å stressa deg til å ta raske avgjerder, i frykt for å mista bustaden, seier han.
Skal du leiga i haust? Sjå etter desse svindelteikna:
- Månedsleiga er for god til å vera sann
- Kvifor skulla nokon leige ut ei tilsynelatande flott leilegheit til ein absurd låg sum?
- E-postadresse som kontaktpunkt: Sjekk korleis adressa ser ut, og søk ho gjerne opp på Google. Dersom det dukkar opp andre utleigeannonsar der utleigaren har andre namn eller marknadsfører utleigeobjekt aggressivt, bør du halda deg langt unna.
- Visning er ikkje mogleg på grunn av ferie, og utleigar krev depositum eller legitimasjon før kontrakten er signert.
- Aldri betal eller gi frå deg sensitive opplysningar før du har sett bustaden fysisk, møtt utleigaren og signert leigekontrakt. Utleigar er pålagd å bruka ein dedikert depositumskonto og har ikkje lov til å få pengane på privat konto.
- Bruk bilet-søk: Med dei fleste smarttelefonar i dag, i tillegg til via Google, kan du gjera bilet-søk for å sjå om same biletet ligg andre stader på nettet. Det kan gi ein indikasjon på om bileta er stolne frå aktive bustadannonsar.
Kjelde: Frende Forsikring






