5 filmar og seriar om amerikansk politikk

Tysdag er det presidentval i USA. Lad opp med filmar, seriar og dokumentarar om amerikansk politikk.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

The Apprentice

Årets storfilm The Apprentice, som handlar om ein av dei to presidentkandidatane, kjem vi ikkje unna på denne lista. Filmen tek for seg ein ung Donald Trump og hans tidlege karriere i eigedomsbransjen, og møtet med den berykta advokaten Roy Cohn.

Dette skjer lenge før Trump gjer sitt inntog som politikar, men filmen kan gje eit innblikk i korleis ekspresidenten vart den han er i dag.

The Apprentice

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk
Regi: Ali Abbasi
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: Drama, biografi
Speletid: 2 timar og 2 minutt

 

The Apprentice er basert på verkelege hendingar, men fleire scenar er fiksjon og namn er endra. Sjølv er ikkje Trump nøgd med filmen, og meiner det som kjem fram er løgn og bedrag.

Du kan sjå filmen her: Kino

UXA – Thomas Seltzers Amerika

Musikar og programleiar Thomas Seltzer har i forkant av det amerikanske presidentvalet laga ein tredje sesong av dokumentarserien der han tek temperaturen på det amerikanske samfunnet. Seltzer er sjølv amerikansk statsborgar, og i den siste sesongen reiser han rundt i USA for å finne ut om det finst håp for landet.

UXA – Thomas Seltzers Amerika

Sesongar: 3

Episodar i sesong: 3: 5

Episodelengd: frå 30 til 42 minutt

Han tek mellom anna for seg MAGA-rørsla, demokratiet i USA, korleis klimakrisa råkar landet og møter sin eigen amerikanske familie.

Du kan sjå serien her: NRK TV

  • Bonustips: Boka «Amerikansk karmageddon – tankar om mitt fordømte fedreland» av Thomas Seltzer, for deg som likar å lese.

Hillbilly Elegy

J.D. Vance var eit ukjent namn for mange i Noreg då han vart lansert som visepresidentkandidaten for Trump. «Hillbilly Elegy» er ei filmatisering av sjølvbiografien hans, «Ein Hilbillies klagesong», der Vance ser tilbake på oppveksten sin i Middletown i Ohio.

Vance har blitt kritisert for å bruke stereotypiar for å framstille distrikts-USA, spesielt i fjellområdet Appalachia. Samstundes er bakgrunnen til Vance ein viktig del av kampanjen hans, og både boka og filmen var populære då dei kom ut, og fokuserer på avhengigheit og fattigdom i distrikts-USA, som er viktige politiske tema for republikanarane.

Du kan sjå filmen her: Netflix

Hillbilly Elegy

År: 2020

Lengde: 1 t 57 min

Tilgjengeleg på: Netflix

Veep 

Kamala Harris er ikkje den første kvinnelege visepresidenten med ambisjonar om å bli president. Den æra går til Selina Meyer, spelt av Julia Louis-Dreyfus, i den politiske satiren «Veep».

Gløym «House of Cards» eller «The West Wing», ifølgje tilsette under president Barack Obama er serien ein av dei meir realistiske framsyningane av det politiske spelet i det kvite huset, inkludert den daglegdagse idiotien.

Du kan sjå serien her: Max

 

Veep 

År: 2012–2019

Sesongar: 7

Episodar i sesong: 7–10

Episodelengd: ca. 30 min

Tilgjengeleg på: Max

Boys State

I dokumentarfilmen Boys State følgjer me dei unge deltakarane på demokratiopplæring under den årlege sommarleiren texas Boys State (det fins tilsvarande opplegg for jenter).

Filmen fekk prisen for beste dokumentarfilm under den prestisjetunge Sundance Film festival då han kom ut i 2020. Ein pris som er svært fortent.

Det er utruleg engasjerande å følgja gutane som skal byggja opp to fiktive parti med ulik politikk frå grunnen. Deira eigne politiske synspunkt kjem til syne, men det gjer òg taktikkeriet og strategiane dei vel for å fremja seg sjølv og partiet sitt.

Du kan sjå filmen her: Apple+

 

Boys State

År: 2020

Speletid: 1t og 49 min

Tilgjengeleg på: Apple+