Korrupsjon på norsk
Utruleg nok skriv avisene i Mexico lite om denne norske skandalen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eg plar alltid lese mykje nyhende på nett, både internasjonale og norske nettaviser. For tida befinn eg meg i Chiapas, Mexico, og det er litt annleis å lese Dagbladet og VG frå andre sida av kloden. Det set liksom ting litt i perspektiv.
Ein av dei store sakene i norske medier den siste tida har vore "korrupsjonsskandalen", der Audun Lysbakken og departementet hans skal ha latt vere å lyse ut prosjektmidlar på korrekt måte, og mellom anna gjeve 154 000 kroner til Jenteforsvaret, ein organisasjon som driv bevisstgjering rundt vald og lærer jenter sjølvforsvar. Fryktelege greier, altså. Verkeleg.
Men utruleg nok skriv avisene i Mexico lite om denne norske skandalen.
Derimot er framsidene kvar dag fulle av bilete av maltrakterte lik, og reportasjar om kriminalitet ute av kontroll. Tusenvis av menneske vert kvart år drepne i valdsepisodar knytta til den massive narkotikatrafikken som går gjennom Mexico. Narkokartella her omset for like mykje som verdas petroleumsindustri. I 2008 blei 5 av politimennene i spesialstyrkane mot narkotikabrotsverk arrestert for korrupsjon, og ytterlegare 35 sparka. I tillegg blei den øvste sjefen for kampen mot narkotika pågripe mistenkt for å ha motteke nær en halv million kroner i månadlege bestikkelsar. Same år, i Noreg, måtte Sp-leiar og statsråd Åslaug Haga trekkje seg etter at det blei oppdaga at ho ikkje hadde betalt skatt for å leige ut stabburet sitt.
I januar i år, medan norske aviser var svært opptekne av ei nettkledd Tone Damli Aaberge, sleit fleire fattige urfolksgrupper i fjellområda i Nord-Mexico seg gjennom ein hard vinter. Den gode jorda og naturressursane er for lengst solgt til utanlandske verksemder, og befolkninga må leve i karrige strøk i fjella, i dårlege hus og med lite tilgang på mat. I Tarahumara i delstaten Chihuahua var situasjonen spesielt ille. For å sleppe unna kulda og svolten tok omlag 50 menn, kvinner og born kollektivt sjølvmord den 14. januar, ved å kaste seg utfor bratte stup.
På den eine sida er eg frykteleg takknemleg for at eg kjem frå Noreg, og at eg har ein trygg heim der når det er trengs. Samstundes veit eg at dei fleste andre i verda ikkje har det slik. Det hadde vore fint om norske aviser også var klar over det.