Organisk materiale funne på Mars

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Molekyla inneheld kjente byggjesteinar for livet på jorda, slik som karbon, hydrogen, oksygen og nitrogen, opplyste den amerikanske romfartsorganisasjonen Nasa torsdag.

Det er ikkje dermed sagt at det har vore liv på den raude planeten, men at alle føresetnader for liv ein gong var til stades på Mars. Curiosity fann molekyla på botnen av det som ein gong har vore ein stor innsjø på Mars.

– Curiosity har ikkje avdekt opphavet til dei organiske molekyla. Enten dei stammar frå levande organismar, har vore næring for liv eller har eksistert utan at det har vore liv, så rommar det organiske materialet på Mars kjemiske spor som seier noko om forholda og prosessane på planeten, seier Jen Eigenbrode i Nasa.

Curiosity har også før funne organisk materiale på Mars, men da i svært små konsentrasjonar. (©NPK)

LES OGSÅ: Elon Musk føreslår å atombomba Mars