Støvstorm herjar Mars

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Støvstormen dekker Perseverance Valley kor roveren Opportunity har arbeidd. Dette gjer at NASAs ingeniørar ikkje har fått kontakt med Opportunity sidan 12. juni, skriv vitskapsformidlar Anne Mette Sannes i ei pressemelding frå Astroevents.

Dei kommande dagane vil stormen truleg auke i styrke og skape planetens første globale støvstorm sidan 2007.

Dekker eit område tilsvarande Nord-Amerika og Russland

Slike stormar kan i sine mest intense stadium blokkere meir enn 99 prosent av sollyset. På Mars oppstår mindre stormar om lag annakvart år, men den pågåande støvstormen er sjeldan stor, og dekker meir enn ein fjerdedel av landarealet på Mars. Området er på størrelse med Nord-Amerika og Russland.

Kunstnarisk framstilling av NASAs marsrover Opportunity. Illustrasjon: NASA

NASA oppdaga stormen like etter at den oppstod 30. mai. Den var da rundt 1000 kilometer unna Opportunity, like sør for Mars’ ekvator. Stormen bevegde seg snart mot roveren som vart innhylla i støv. Forholda i Perseverance Valley hindrar no sollyset i å lade batteria på det solcelledrivne køyretøyet, skriv Anne Mette Sannes i pressemeldinga.

Så snart sollyset slepp igjennom støvskyene, vil batteriet bli lada, og roveren vil igjen vere fullt operativ. NASA lyttar no etter livsteikn frå den 15 år gamle roveren med jamne mellomrom.

Difor blir det storm på Mars

Som følge av at det i dag ikkje finnast flytande vatn på Mars, kan det bli valdsame støvstormar sidan det ikkje finnast vatnflater som hindrar støvstormen i å utvikle seg. Støvstormane er det einaste verfenomenet utanfor Jorda som vi kan sjå utan kikkert.

Mars har ein ganske avlang bane. Om lag annakvart år når planeten er nærmast sola i sin bane, er Mars 40 % varmare enn når den er lengst unna Sola. Når oppvarma luft stig, blir den erstatta av luft frå omgivnadene, og vinden startar ein støvstorm.

Stormane, som hindrar oss i å sjå store delar av overflata, kan vare i fleire månader, skriv Anne Mette Sannes i Astroevents.