Mindre slåsting blant unge no enn før
Både jenter og gutar slåst mindre enn før. Det kjem fram i ei fersk kartlegging av ungdomsvald i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mindre slåsting blant unge
Det skriv nettstaden Kilden kjønnsforskning.
Kartlegginga er gjort av Lars Roar Frøyland ved OsloMet og Tilmann von Soest ved Universitetet i Oslo. Dei to har funne ut at vald blant ungdom nesten er halvert mellom 2007 og 2015.
– Det finst fleire undersøkingar i Europa som viser at vald blant ungdom har gått ned. Men ingen har forklart kvifor. Vi ønskte å sjå på trenden på to ulike tidspunkt, og eventuelt forklare endringa som kom fram, fortel Frøyland til Kilden.
Les også: Kvifor er det berre menn som skyt?
Mindre vald i heimen
Han peiker mellom anna på at mindre vald i heimen kan vere ein av grunnane til nedgangen.
– Det å bli utsett for vald i familien har i tidlegare forsking blitt identifisert som ein risikofaktor for eigen valdsbruk. Det at færre rapporterer om slike erfaringar kan altså bidra til at færre også nyttar vald sjølv, seier han.
Les også: Det er så mange som ikkje høyrer etter når ungdom snakkar